Ni søkjarar får til saman 4,9 millionar kroner i oppreising

Oppreisingsutvalet i Sogn og Fjordane fordelte 21. september til saman 4,9 millionar kroner til personar som har vore utsette for omsorgssvikt eller overgrep medan dei var under offentleg omsorg.

Utvalet handsama ti søknader, og ni av søkjarane får oppreising. Sju av dei fekk innvilga 500 000 kroner, medan to fekk 725 000 kroner.

Dei ni har vore plasserte i fosterheimar og behandlingsheimar, på barneheimar, spesialskular og barnesanatorium.

– Borna var ofte plasserte fleire stadar, til dømes først på barneheim og deretter på institusjon eller spesialskule. Dei var under offentleg omsorg i mange år, og mange hadde ingen eller svært avgrensa kontakt med foreldre og anna familie, seier Karen Steingildra i sekretariatet for oppreisingsordninga.

Kommunane som må betale oppreisingsbeløpa, er Jølster, Vågsøy, Høyanger, Årdal, Naustdal og Førde.

Oppreisingsutvalet har så langt handsama 21 søknader, og utvalet skal ha nytt møte 23. november. Steingildra oppmodar folk til å ta kontakt om dei har spørsmål eller treng hjelp til noko.

For meir informasjon, ta kontakt med

Karen Steingildra
Konsulent i oppreisingsordninga
Telefon: 57 65 61 45
E-post: karen.kristine.steingildra@sfj.no

Del dette:

Relaterte lenker