Nettverkssamling for 14 Danseverkstad-kommunar

25 unge og vaksne leiarar for Danseverkstader i 14 kommunar var samla til nettverkssmøte på Skei Hotell 9. mars 2009.

Regionalavdelinga i fylkeskommunen har ansvar for 3 årlege nettverksmøter for danseverkstadane i kommunane. Møta vert gjennomført i samarbeid med "Dans uten grenser" som har utvikla ung-til-ung modellen som danseverkstadane er bygd opp etter. Nettverksmøta er opne for unge og vaksne leiarar i kommunane. Desse er ansvarlege for at danseverkstadane har så gode og stabile driftstilhøve som muleg. Totalt var det 25 deltakarar på møtet, som var lagt opp med diskusjonar både i plenum og i grupper.

12 kommunar har etablert danseverkstad som del av "Danseverkstadetablering Sogn og Fjordane", som fylkesplanprogrammet "Folkehelse og livsutfalding" står bak. I Flora, Askvoll, Høyanger, Fjaler, Hyllestad, Naustdal, Balestrand, Leikanger, Sogndal, Luster, Eid og Hornindal + Førde og Jølster, som har starta tidlegare, får mellom 1300-1400 barn og unge instruksjon kvar veke i danseformer som appelerer til dei.

Nettverksmøta er ei viktig arena for både kommunane og fylkeskommunen, der erfaringar vert delt og nye tiltak planlagt. Møta gjev såleis naudsynte innspel til vidareføring og vidareutvikling av "Danseverkstadetablering Sogn og Fjordane" i fylket, og for drift og utvikling av danseverkstadane i kvar einskild kommune.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette