Nettverksarbeid i eldreomsorga

Ein ny rapport om nettverket Miljøbehandling i eldreomsorga viser at nettverksarbeidet har vore positivt og meinigsfullt for praksisfeltet.

Nettverket miljøbehandling i eldreomsorga har vore eit tilbod til kommunane i Sogn og Fjordane i perioden 2012–2014. Føremålet med nettverket var å styrke kompetanse og utvikle miljøbehandling i kommunane i Sogn og Fjordane. I fleire år har dei regionale aktørane arbeidd saman gjennom dette nettverket.

No er det publisert ein rapport om nettverksarbeidet 2012–2014. Rapporten går gjennom innhald i nettverket, tilbakemeldingar frå deltakarar og organisering og evaluerer dette. Evalueringa er god og nettverket held fram. Det var og ei samling i april i år.

Gode kvardagar for eldre er eit overordna mål for arbeidet. For å møte morgondagens utfordring i eldreomsorga er heilskapstenking grunnleggjande. Då er tverrsektoriellt samarbeid i offentleg sektor svært viktig  men og mot frivillig og privat sektor. Livskvalitet, meining og meistring er viktig for å oppleve meiningsfull og god kvardag, seier musikkterapeut og rådgjevar Jorunn Bakke Nydal i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Det er Høgskulen i Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Utviklingssenteret for sjukeheimar og heimetenester i Sogn og Fjordane som har arbeidd saman i nettverket. Neste temadag blir 22. september, med fokus på musikk.

Rapport - Nettverket Miljøbehandling i eldreomsorga i Sogn og Fjordane 2012 - 2014

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette