Fotocollage med tre bilete frå fylkesmeisterskapen i yrkesfag ved Sogndal vidaregåande skule i februar 2018. Det første biletet syner ein elev ved ei grøn maskin i ein stor verkstad, det neste er ei jente i kokkeuniform, som rører i ei panne, og det tredje er ein gut i ei gravemaskin.
Fotocollage med tre bilete frå fylkesmeisterskapen i yrkesfag ved Sogndal vidaregåande skule i februar 2018. Det første biletet syner ein elev ved ei grøn maskin i ein stor verkstad, det neste er ei jente i kokkeuniform, som rører i ei panne, og det tredje er ein gut i ei gravemaskin.

Foto: Medium og kommunikasjon, Sogndal vidaregåande skule

Nest flest får læreplass i Sogn og Fjordane

Fire av fem som søkte læreplass i Sogn og Fjordane fekk kontrakt om læreplass innan utgangen av 2018. Det er nest best i landet, like bak Rogaland.

Ved nyttår var det ifølgje Utdanningsdirektoratet registrert 829 søkjarar og 665 lærekontraktar. Det vil seie at 80,2 prosent av søkjarane fekk lærekontrakt. På landsbasis var talet 74 prosent.

Sidan statistikken starta i 2011, har delen med lærekontrakt aldri vore så høg. Både talet søkjarar og delen som får lærekontrakt har auka. I 2016 var det til samanlikning registrert 770 søkjarar i Sogn og Fjordane, og 71 prosent hadde lærekontrakt ved utgangen av året.

– Dette er gledelege tal for lærlingane, elevane og næringslivet i fylket. Det viser resultata av eit langvarig og godt samarbeid mellom bedrifter, skular, opplæringskontor og fylkeskommunen, seier fylkesdirektør for opplæring, Bekka Skaasheim.

Mange går vidare i skule eller lære

Tal frå Utdanningsdirektoratet viser også at 78,9 prosent av yrkesfagelevane på Vg2 i Sogn og Fjordane gjekk vidare til opplæring i bedrift eller Vg3/påbygg i 2018. Det er ein vekst på meir enn 10 prosentpoeng sidan 2014.

Også på denne statistikken kjem Sogn og Fjordane nest øvst i landet, bak Vest-Agder. Landsgjennomsnittet er 75 prosent.


Stolpediagram, del lærekonktraktar per fylke 2018

Stolpediagram, tal søkjarar og lærekontraktar i Sogn og Fjordane 2014–2018

 (Kjelde: Utdanningsdirektoratet)

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut