Bilete av ei av dagsturhyttene.

Foto: Edit Smådal

Naustdal: Steinkorshytta

Dagsturhytta i Naustdal kommune vart plassert desember 2018. Den har solcellepanel for lys innvendig, og sanitæranlegg. 

Tilkomst og parkering

Parkering på Kringla. Parkeringsavgift. 

Stien til hytta

Stien går forbi gardstunet til Atle Kringlen på  Kringla, der ein parkerer. Når ein ferdast her er det viktig å hugse å lukke grinder ettersom det går mykje husdyr i området. Stien er godt opparbeidd, går i luftige omgjevnadar og er merka og og enkel å finne. Underveg passerer ein Kringlestølane, som ligg på om lag 550 moh. I Kringlevatnet og i vatnet ved hytta er det fint å bade.

Avstandar

Turen er middels krevjande og tek 40 - 60 minutt alt etter tempo. Hytta ligg på om lag 750 moh., litt under toppen Steinkorsen.

Kontaktinformasjon

Henning Malones, Naustdal kommune. 

E-post: henning.malones@naustdal.kommune.no

Kart

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut