Naustdal kommune med i partnarskap for folkehelse!

Naustdal teiknar no partnarskapsavtale om folkehelse med fylkeskommunen. Avtalen sikrar kommunen kr. 150.000 i årleg tilskot til ei stilling som folkehelsekoordinator i minst 50% stilling. I alt er 20 kommunar med i ordninga.

Partnarskap for folkehelse er ei ordning som starta i 2004 som eit resultat av St.meld. nr. 16 (2002-2003) Resept for et sunnere Norge. I denne meldinga vart fylkeskommunane, i rolla som regional utviklingsaktør og planleggar, utfordra til å utvikle ein infrastruktur for folkehelse gjennom likverdige partnarskap med kommunar og sentrale aktørar i fylket. Ordninga er finansiert av stat og fylke i felleskap. Sogn og Fjordane fylkeskommune vart eit prøvefylke i dette arbeidet saman med 4 andre fylke, og i 2008 vart alle fylka omfatta av ordninga.

I Sogn og Fjordane har eit stort tal kommunar knytta seg til ordninga, noko som betyr at dei på ein heilskapleg og sektorovergripande måte må integrere førebyggande og helsefremmande arbeid i kommunen, og iverksette tiltak på utsette område retta mot befolkninga generelt og mot utsette grupper spesielt.

Naustdal tilsette Anne Schei i 20% stilling som folkehelsekoordinator ei tid før kommunen teikna avtale med fylkeskommunen. Stillingsstorleiken vert no auka til 50% slik fylkeskommunen krev. Vi er glade for å ha Naustdal med i ordninga, og gler oss til å kunne støtte opp om kommunen sitt arbeid på dette viktige feltet!

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette