ava 287jpr 5
ava 287jpr 5

Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Nasjonal konferanse om cruiseturisme til Noreg

Vestlandsrådet arrangerer nasjonal konferanse om cruiseturisme til Noreg i Bergen, 29. oktober 2019. Målgruppa er alle aktørar i Noreg som er involvert i cruisetrafikk, samt interesseorganisasjonar, kommunar, fylke og departement.

På konferansen ynskjer Vestlandsrådet å setje ein del sentrale spørsmål under debatt og få belyst viktige utfordringar som Noreg står ovanfor knytt til cruiseturisme. Både nasjonal reiselivsstrategi, nullutsleppskrav, framtidige energiløysingar, ny Havne- og farvannslov og beredskap vil vere aktuelle tema.

Hovudmålet med konferansen er å auke kunnskapen knytt til dei mange utfordringane omkring cruisetrafikk slik at både næringa og det offentlege kan ta best muleg avgjersler om korleis vi skal tilrettelegge for og møte den forventa veksten som prognosane peiker på.

Set av datoen allereie no og send gjerne beskjeden vidare til andre du meiner kan ha interesse av å delta. Detaljert program for konferansen vert sendt ut seinare. Deltakaravgift kr. 500 pr. pers. inkl. lunsj.

Er det spørsmål eller innspel i samband med konferansen kan prosjektleiar Trond Amland kontaktast på e-post trond@reiselivsutvikling.no eller på mobil 908 55 755.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut