Nærkontakt med ein festivalsjef

Linda Hagen Myklebust var sjef for årets Qfilm-festival ved Firda vidaregåande skule. Førre veke vart det lite vanleg skule og mykje film. Høgdepunkta var prisutdeling og kino i taket.

Dette var 11. året med Qfilm på Sandane. Det er tredjeklasse ved medielina som arrangerer festivalen, og festivalsjefen var ei 18 år gamal jente frå Måløy. Linda Hagen Myklebust fekk ikkje med seg noko vanleg undervisning i festivalveka, men læring vart det lell.

Samarbeid eit nøkkelord

– Veka var veldig kjekk, spennande og lærerik. Vi måtte ta ansvar, vere sjølvstendige og inkludere andre elevar i arbeidet, til dømes til PR-arbeid og økonomi. Det viktigaste vi lærte er nok kor viktig det er å samarbeide for å få i hamn eit slikt arrangement, fortel ho.

Festivalsjefen trekk fram Qpris-utdelinga torsdag kveld som noko av det kjekkaste og mest hektiske i festivalveka. Heile dagen gjekk med til gjere klart til prisutdelinga. Men mykje arbeid og springing att og fram resulterte i ein vellukka gallakveld, der også elevar frå dei andre medielinene i fylket deltok.

Kino i taket slo an

Kino i taket er andre Linda nemner som det kjekkaste med årets Qfilm.

– Vi monterte eit lerret i taket og la ut madrassar på golvet. Så kunne folk ta med pute og pledd og liggje på golvet og så film. Vi såg animasjonsfilmen «Se opp». Han slo godt an, og vi var nesten hundre personar på tak-kinoen, seier ho.

Nettopp «Se opp» er ein av favorittane til festivalsjefen av dei filmane ho fekk med seg, i tillegg til «John Carter» og «Twilight». Ho såg fredag føremiddag også fram til den siste filmen «Extremely Loud and Incredibly Close».

– Eg gler meg veldig til den. Det er drama og litt annleis enn dei fleste andre filmane i år. Vi har hatt mykje eventyr og science fiction på programmet elles, avsluttar ein nøgd festivalsjef som tok helg med godt samvit.

Qfilm varte frå 19. til 23. november.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut