MediaCityBergen

Næringsreise til Bergen

Næringsmedarbeidarar frå Sogn og Fjordane på besøk i Bergen

Vårt nabofylke i sør har mykje spennande å vise fram når det gjeld næringsarbeid. Derfor inviterte fylkeskommunen til næringssamling i Bergen 5.-6.april, for å kjenne på storbypulsen og knytte nye relasjonar til bedrifter og næringsmiljø.

På programmet

Arrangøren fekk god hjelp av Bergen Teknologi Overføring (BTO) med å legge opp programmet for det som blei ein innhaldsrik tur. Den 5.april hadde BTO lagt opp til fleire bedriftsbesøk hos medieklynga, Media City Bergen, den 6.april fekk gruppa bli kjend med aktørar på forskingsparken Marineholmen.

Det blei også tid til å treffe framtidige kollegaer frå regionalavdelinga hos Hordaland fylkeskommune, samt Innovasjon Norge.

 

Presentasjonane frå samlinga blir lagt ut her:

Hilde Indresøvde,  leiar Nyskapingsparken inkubator BTO

Tor Arne Fanghol, forretningsutviklar BTO

Anders Haugland, dagleg leiar BTO

Owe Hagesæter, dagleg leiar GCE Subsea

Solveig Holm, NCE Seafood Innovation

Wayne Murphy, Hatch

Del dette:

Relaterte lenker