Elbil ved snøggladestasjon med fjell i bakgrunnen.
Elbil ved snøggladestasjon med fjell i bakgrunnen.

Foto: Pål Kielland

Næringsliv og teknologi

TEMAMÅL: Næringslivet i fylket skal bidra til klimaomstilling gjennom ei styrka grøn konkurransekraft

Hovudutfordringa knytt til næringsliv og teknologi er å sikre vekstgrunnlag og innovasjonskraft i eksisterande næringar, samtidig som vi legg grunnlaget for utvikling av nye produktive næringar, på ein måte som gjev låge utslepp og skjer innanfor naturen sine tolegrenser.

Energi-, klima- og næringsomstilling må sjåast i samanheng. Regjeringa sitt ekspertutval for grøn konkurransekraft peikar på muleggjerande teknologiar, samspel mellom sektorar, sirkulær økonomi og tilrettelegging for berekraftig forbruk som viktige satsingsområde.

Bransjestrukturen i Sogn og Fjordane er prega av høgt innslag av primærnæringar. Vidare har fylket fleire enkeltbedrifter og kompetansemiljø som utviklar og tek i bruk miljøvenlege løysingar, til dømes innanfor kraftkrevjande industri, smarte energiløysingar, maritim låg- og nullutsleppsteknologi, miljøløysingar innanfor fiskeri og oppdrett samt berekraftig reiseliv.  

Næringslivet har dermed ei sentral rolle i det grøne skiftet, og det offentlege må legge til rette for at næringslivet tek ei proaktiv rolle i omstillinga. Dette kan ein oppnå mellom anna gjennom å sikre næringslivet tilgang på offentleg finansiering i verkemiddelapparatet, gjennomføring av strategiske og innovative offentlege innkjøp, systematisk arbeid med forsking, utdanning og kompetanse, samt tilrettelegging av møteplassar på tvers av bransjar.

Med utgangspunkt i status og utviklingstrekk har vi identifisert fire utfordringar innan næringsliv og teknologi:

  • Tilgang på kompetanse og offentleg/privat kapital.
  • Utvikle og ta i bruk ny teknologi.
  • Utslepp og miljøbelastingar frå viktige næringar.
  • Forbrukarane sine klimaval.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ida-Beate Mølmesdal
Rådgjevar, klima og miljø
Ida-Beate.Molmesdal@sfj.no
476 04 557

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Plansjef

Plansjef Synnøve Stalheim portrett

Synnøve Stalheim

Synnove.Stalheim@sfj.no
57 63 81 13
478 97 260

Tilsette