Jan Heggheim på talarstol med projisert bilete til venstre for han

Næringsdagane er i gang

Arrangørane av næringsdagane 2016 spør næringslivet: Korleis kan vi rigge oss for eit framtidas arbeidsliv prega av ny teknologi og nye næringar?

– Også vårt fylke er fullt av menneske med inntekta si frå sokkelen eller leverandørindustrien.

Det sa fylkesdirektør for næring og kultur Jan Heggheim i si opning av Næringsdagane 2016. Sjølv om Sogn og Fjordane tradisjonelt har vore mindre utsatt for kriser, som finanskrisa, enn andre fylke, merkar vi endringane. Vi må rigge oss for framtida, understreka Heggheim.

Samlinga i Loen utfordrar framtidas næringsliv. Kva skjer når ny teknologi tvingar fram strukturendringar, alternative verksemder truer tradisjonelle på overnatting og matlevering, og offentleg sektor digitaliserast?

- Treng meir forsking

Heggheim peikte på hovudutfordringar for nærings- og arbeidslivet i Sogn og Fjordane i opninghelsinga:

  • For få arbeidsplassar i dei næringane som veks nasjonalt og internasjonalt

  • Manglande senterstruktur som kan gi grunnlag for slike arbeidsplassar.

– Det er liten tvil om at det er ein samanheng mellom fortetting av buområde og arbeidsplassar i denne kategorien, sa Heggheim. Regional planstrategi vil ta opp i seg desse problemstillingane.

Sjølv om prosjekta knytt til forsking i næringslivet får gode karakterar av Regionalt Forskingsfond, er det for få av dei, meiner Heggheim. Takta endringane kjem i kan skremme, og ein må sjå for seg framtida innan teknologi, utdanning og leiing.

Tett program

Konferansier for arrangementet er Siri Lill Mannes og sentrale folk frå alle sidar av næringslivet er med på diskusjonane i Loen, som tjuvstarta 10. mai og held fram til ettermiddagen den 12.

Komplett program for næringsdagane 2016 finn du her

Partane bak Næringsdagane er:  NHO, LO, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebanken Sogn og Fjordane, Sparebanken Vest, Kunnskapsparken Sogn og Fjordane, Høgskulen i Sogn og Fjordane, NAV, Innovasjon Norge,  IT Forum.

For meir informasjon

Sekretariat:
Tom Farsund
901 18 254
tom@findriv.no

Jan Heggheim
fylkesdirektør, næring og kultur
905 66 623
Jan.Heggheim@sfj.no

Del dette:

Relaterte lenker