Nær 3,5 millionar til friluftsanlegg i Sogn og Fjordane

Direktoratet for naturforvalting (DN) løyver nesten 3,5 millionar kroner til sikring av tre friluftsanlegg i Sogn og Fjordane. Pengane går til kommunane Sogndal, Gaular og Stryn. Fylkesdirektør Svein Arne Skuggen Hoff gler seg over satsinga på grøn infrastruktur.

– Livsstilssjukdomar er dessverre i ferd med å verte eit stort samfunnsproblem. Fysisk aktivitet verkar førebyggjande, og vi er opptekne av at kommunane legg til rette for fysisk aktivitet der folk bur, seier Skuggen Hoff.

Skal senke terskelen for å drive fysisk aktivitet

Fylkeskommunen sende søknadane over til DN saman med tilråding om kven som burde få støtte. Direktoratet har følgt tilrådingane frå fylkeskommunen.

– Det er viktig med såkalla grøn infrastruktur, som gjer det lett å ta seg fram til fots, på sykkel og ski eller med rullestol eller rullator. Vi håpar dei tre prosjekta kan medverke til å senke terskelen for å drive fysisk aktivitet, seier fylkesdirektøren.

Dei tre prosjekta/friluftsområda som får støtte er fjordstien i Sogndal, Langeland ski- og fritidssenter i Gaular og Tonningsleirane i Stryn.

Fjordstien i Sogndal

Sogndal kommune får tre millionar kroner for å sikre areal til Fjordstien. Dette er eit heilskapleg grep for å få ein tydeleg grønstruktur langs fjorden. Stien skal knyte grønstrukturen i Sogndal sentrum og langs elva saman med turområda rundt sentrum.

Konkret inneber det ei etablering av gangveg langs fjordkanten. Gangvegen skal binde saman areal som er eller vert opna for ålmenn bruk, blant anna badeplass og fiskeplass.

– Dette er eit prosjekt som følgjer opp retningslinene for tettstadutvikling i fylkesplanen for arealbruk på ein god måte. Dei seier mellom anna at kommunane skal leggje til rette for friluftsområde og grøne korridorar i sentrum, fortel Skuggen Hoff.

Langeland ski- og fritidssenter i Gaular

Gaular kommune får 442 000 kroner for å sikre areal til utviding av parkeringsplassen ved utfartsområde på Langeland.

– Dette er eit viktig grep for å betre tryggleiken og tilrettelegginga ved friluftsområda på Langeland. Fylkeskommunen har definert området frå Langeland og vestover som friluftsområde av regional verdi. Området har stor verdi for Sunnfjord ved å vere det viktigaste skiutfartsområdet i regionen, seier fylkesdirektøren.

Området er også prioritert av fylkeskommunen i fylkesdelplan for idrett, friluftsliv, fysisk aktivitet og folkehelse. Fylkeskommunen gjev årleg tilskot til blant anna drift av løypenett.

Tonningsleirane i Stryn

Stryn kommune får 18 000 kroner for å sikre areal til og knyte saman grønstruktur i Stryn sentrum (Tonningsleirane) med «markaområdet» i Stryn– nord for sentrum. Fylkesdirektøren meiner dette prosjektet, som Fjordstien i Sogndal, på ein god måte følgjer opp retningsliner for tettstadutvikling i fylkesdelplan for arealbruk.

– Arealet utgjer ein samanhengande korridor frå friluftsområdet på Tonningsleiarane ut mot «markaområdet». Korridoren gjev direkte tilgang til eit stinett som fører inn i det regionalt viktige friluftsområdet Bøasetra–Tverrfjell–Markane. Nær Tonningsleirane finn vi også idrettsanlegg og vidaregåande skule. Sikring av det aktuelle området vil vere eit pluss for desse og sikrar betre tilgang til markaområdet, seier Skuggen Hoff.

For meir informasjon

Svein Arne Skuggen Hoff
fylkesdirektør for plan og samfunn
tlf. 91 88 88 68
e-post: svein.arne.hoff@sfj.no

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette