Foto av eit sverd som vart funne i arkeologiske utgravingar i Øvstedalen i Sogndal i 2016. Sverdet er bøygd og knekt i tre delar.
Foto av eit sverd som vart funne i arkeologiske utgravingar i Øvstedalen i Sogndal i 2016. Sverdet er bøygd og knekt i tre delar.

Sverdet som vart funne i samband med dei arkeologiske utgravingane i Øvstedalen i Sogndal i 2016. (Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Mytar og fakta om kulturminne

Kronikk av fylkesdirektør for næring og kultur, Jan Heggheim.

Kulturarven er viktig for identitet og kjensla av å høyre til. Du kjenner ikkje deg sjølv, om du ikkje kjenner fortida. Dei fleste er samde om at vi var fattige utan synlege prov på korleis generasjonane før oss har levd.

Skal vi peike på kva som faktisk er årsak til ei reise til Sogn og Fjordane, vil kulturminna, saman med naturen, komme høgst på lista. Utan til dømes verdsarven og stavkyrkjene våre ville vi vere langt mindre attraktive. Noreg har ei kort historie samanlikna med landa rundt Middelhavet. Vi burde kanskje då vere ekstra påpasselege med å ta vare på synlege spor etter dei som var her før oss. Likevel er det fare for at vi kvart år øydelegg kulturminne fordi nokon er redde for å rapportere funn. Nokre saker er med på å forsterke inntrykket av at funn av kulturminne, det er det same som problem. Det kan vere greitt å avlive nokre av desse mytane:

Rapporterer eg funn, dreg eg på meg store kostnadar. Fakta: Dersom du tilfeldig finn noko på  eigedomen din, skal dette rapporterast til nærings- og kulturavdelinga i fylkeskommunen.  Fylkeskommunen prioriterer å gjere ei rask avklaring av funna. Dersom det vert behov for arkeologiske undersøkingar, dekker staten kostnadane. Du må med andre ord ikkje betale for undersøkingane. 

Skal eg setje i gang mindre tiltak på eigedomen min, vert eg belasta med store kostnadar. Fakta: Dersom du har eit mindre privat tiltak som til dømes opparbeiding av tomt til garasje, bygging av landbruksveg under 3 km, eller nydyrking under 15 dekar, vert du ikkje belasta med kostnadar til arkeologiske undersøkingar. 

Kostnadane til dei arkeologiske undersøkingane er heilt urimelige. Fakta: Dersom du driv eit kommersielt føretak og skal regulere privat areal, må du i utgangspunktet dekke kostnadane til dei arkeologiske undersøkingane. Desse registreringane kan vere kostbare, men kven har sagt at det ikkje fører plikter med seg å eige grunn? Kostnadane må også sjåast i forhold til at dei er «utgifter til inntekts ervervelse». Dersom kostnadane viser seg å bli urimeleg tyngjande for deg som tiltakshavar, kan staten vurdere å dekke kostnadane heilt eller delvis.

Sakshandsamingstida er urimeleg lang. Fakta: Vi held oss til reglane og høyringsfristane i plan- og bygningslova og kulturminnelova. Dei arkeologiske registreringane må naturleg nok gjerast på snø- og telefri mark, noko som kan avgrense framdrifta. Vi gjer likevel det vi kan for å imøtekomme tiltakshavarar sine behov for nødvendige avklaringar undervegs i planprosessane. 

Så kvifor kjem det stadig historier i ulike medium om tiltakshavarar som meiner det vert sett heilt urimelege krav? Kanskje nettopp fordi den som har eit prosjekt eller tiltak ikkje tek seg tid til å sjekke fakta, baserer seg på tru og gjetting.

Kulturminnelova er førande for korleis den nasjonale kulturarven vår vert forvalta. Våre folk og vi som leiarar vil alltid strekke oss så langt vi kan innanfor det handlingsrommet vi har, slik at avgjerder ikkje skal føre til unødig hinder for tiltakshavar. 

Vi har eit lovverk som er bestemt av Stortinget, og lova er der for å ta vare på nær og fjern historie. Få vil vere usamde i at det er rett å ta vare på kulturminne, men det er vel også her ofte slik at «kulturminne er viktig, men ikkje når dei finst på min grunn».   


Jan Heggheim
fylkesdirektør for næring og kultur

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00