Praksisstudentane Solveig Karin Brekke og Sandra Sognnes. Foto Heidi Hattestein/Firdaposten.
Praksisstudentane Solveig Karin Brekke og Sandra Sognnes. Foto Heidi Hattestein/Firdaposten.

Praksisstudentane Solveig Karin Brekke og Sandra Sognnes. Foto Heidi Hattestein/Firdaposten.

Musikk-kafé i Florø

To masterstudentar frå Universitetet i Bergen har i fire veker vore i praksis hjå nærings- og kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Dei har mellom anna vore med å arrangere musikk-kafé i Florø, i samarbeid med den kommunale tiltakstenesta innan rus og psykiatri. 

Denne teksten av Heidi Hattestein vart publisert i Firdaposten 6. april 2017:

– Ikkje døm stemma mi

– Klart vi ikkje skal dømme stemma di. Det er ingenting å vere flau over. No har eg sunge for første gong på mange, mange år. Og kan eg, så kan du, kjem det oppmuntrande frå salen.

Vi er på Verdens Beste Studio i Florø. Det er onsdag kveld og musikk-kafé, eit samarbeid mellom den kommunale tiltakstenesta innan rus og psykiatri og to mastergradsstudentar får Universitetet i Bergen. I fire veker har dei møttest for å synge og ha det gøy. Det er rein og skjer terapi, veldokumentert gjennom fleire studium.

Kurt-Arve Liabø, Foto Heidi Hattestein, Firdaposten.jpg

Ein av dei som er innom, er Kurt Arve Liabø, også kjent for Flora-publikummet under artistnamnet Kurt-Arve Washburn. Han har spelt inn plater og var også innom Norske Talenter i ein tidleg sesong av programmet.

– Det har vore veldig gøy å komme her og spele med andre. Til vanleg gjer eg det mest åleine, seier Kurt Arve idet han går av scena etter å ha sunge med fullt band.

Han har tru på musikk i terapeutisk samanheng.

– Eg kjenner det sjølv også. Musikken løyser opp spenningar i kroppen, og eg føler glede. Eg har tru på musikkterapi, særleg i psykiatrien der det blir brukt ein del sterke medisinar. Eg meiner at mange kunne ha komme langt med musikk. Musikk har mange sinnsstemningar og hjelper folk å uttrykke seg, i staden for å stenge alle følelsane inne, seier han.

Meistring gjennom musikk

Terapien i musikken: Musikkterapi handlar om å føle meistring og auka sjølvtillit, og det i trygge omgjevnader i lag med folk som heiar på kvarandre. Studium viser at musikkterapi hjelper å bli bevisst på følelsar. Musikkterapi gir håp, motivasjon og sosial samhandling. Kjelde: sykepleien.no

Kurt-Arve er langt ifrå den einaste som går opp på scena og tar mikrofonen. Dei som ikkje vil i rampelyset, bidreg med allsong frå salen. På repertoaret står mange velkjende klassikarar: Liten fuggel, Dar kjem dampen, Living on a prayer, Optimist, Sommerfuggel i vinterland med fleire.

Studentane frå Bergen, Solveig Karin Brekke og Sandra Sognnes, er svært takknemmelege for måten folk i Flora har møtt dei i løpet av den fire veker lange praksisperioden.

– Det handlar om å føle mestring, og det i trygge omgjevnader saman med folk som heiar på deg. Vi har sett utruleg mange lyspunkt i løpet av fire, små veker, seier dei.

Jorunn Bakke Nydal. Foto Heidi Hattestein, Firdaposten.jpg

– Musikkterapi har breidd om seg dei siste åra, både nasjonalt og internasjonalt, seier Jorunn Bakke Nydal, musikkterapeut i Fylkeskommunen.

Ifølge retningslinjer frå Helsedirektoratet skal alle kommunar tilby musikkterapi. Flora har éin tilsett musikkterapeut, og det er bra synest Bakke Nydal, men ho etterlyser politisk vilje til å slå på stortromma.

– Tenk om vi kunne gjort endå meir for å gi eit breiare tilbod til dei som slit med rus eller psykisk sjukdom, seier ho med håp i stemma.

Avslutning

Det er siste musikk-kafé i denne omgang. Det er tid for blomster og skryt. Ei ung jente tar oppgåva med å seie nokre ord til studentane på vegner av heile gjengen.

– Vi er blitt litt sånn glad i dåke i løpet av desse fire vekene. Eg veit ikkje om det eigentleg skal gå an å bli glad i nokon på så kort tid, men ok.

Ho vil vere anonym. Det er ikkje alle som går på musikk-kafé som har lyst å fortelje om det.

Musikk-kafe. Foto Heidi Hattestein, Firdaposten.jpg

Tekst og bilete: Heidi Hattestein, Firdaposten. Publisert på sfj.no med løyve. 

 

 

 

 

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00