Politikarar og ansatte rundt eit møtebord
Politikarar og ansatte rundt eit møtebord

Møte i finansutvalet 4. mai. Foto: Matias Helgheim/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Mot ny økonomiplan

Den politiske handsaminga av økonomiplan 2017-2020 er i gang. Finansutvalet vart 4. mai orientert om utgreidde tiltak for innsparingar i fylkeskommunen, tiltak som vidare vert handsama i hovudutvala og fylkestinget.

Det nye inntektssystemet for fylkeskommunane frå 2015 krev omstilling og store innsparingar for Sogn og Fjordane fylkeskommune fram mot 2020, og no er den politiske handsaminga av ny økonomiplan i gang. Fylkesrådmannen sitt framlegg til økonomiplan 2017-20 vert sendt ut 24. mai, før planen vert handsama i hovudutvala, fylkesutvalet og til slutt vedteken i fylkestinget i juni.

På møtet 4. mai handsama finansutvalet rammejusteringar og vart orientert om økonomiske føresetnader for perioden. I tillegg vart utvalet orientert om utgreiingane av innsparingstiltak som denne vinteren er gjennomført i omstillingsprosjektet «SFJ2019».

Utgreidde innsparingar

Omstillingsarbeidet er sett i gang for å møte innsparingskrava fylkeskommunen har fått som følgje av omlegginga av inntektssystemet. 4. mai vart det orientert om utgreiingar innan opplæring, samferdsle og om fleire såkalla sektorovergripande fag- og tenesteområde

Saksframlegg og utgreiingar frå finansutvalet sitt møte 4. mai 2016.  

Ei av utgreiingane ser på innsparingsmoglegheitene ved ein ny, lågare driftsstandard på fylkesvegnettet, med mindre vedlikehald og redusert framkome som moglege konsekvensar. Fylkesrådmannen har greidd ut eit innsparingspotensiale innanfor administrasjon og forvaltning på om lag 20 mill.kr. Dette vil medføre at fylkesrådmannen må gjere hardare oppgåveprioriteringar, og til dømes ikkje lenger kan gje økonomisk støtte til kommunane sitt folkehelsearbeid.

Det omfattande utgreiingsarbeidet knytt til bygg- og eigedomsforvaltninga og driftsteknikarressursen er døme på eit fagområde der fylkesrådmannen ikkje har greidd å avdekke eit innsparingspotensiale i det heile, dersom fylkeskommunen framleis skal halde seg innanfor lovverket med omsyn til inneklima, helse, miljø og tryggleik for tilsette og brukarar.

Iverksetjing

Totalt er det utarbeidd eit 50-tals utgreiingar i samband med denne organisasjonsgjennomgangen. Det vert vidare gitt orienteringar om utgreiingane på politikardag 12. mai, og i hovudutvala same dag.

Etter at framlegg til økonomiplan verdt sendt ut den 24. mai, vil hovudutvala handsame dei relevante utgreiingane og tilrå eventuell iverksetjing av utgreidde tiltak på eigen sektor.

Fylkesutvalet handsamar vidare saka 1. juni. Fylkestinget vil gjere vedtak under tingsete 14. og 15. juni.

For meir informasjon

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no  
479 05 990 

Tore Eriksen
fylkesrådmann
tore.eriksen@sfj.no
415 30 932

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut