Illustrasjon med fylkesvåpena til Sogn og Fjordane og Hordaland.
Illustrasjon med fylkesvåpena til Sogn og Fjordane og Hordaland.

Møte i fellesnemnda for samanslåing av Hordaland og Sogn og Fjordane

Fellesnemnda arbeider vidare med å planleggje og førebu det nye storfylket på Vestlandet og har sitt andre møte på Fylkeshuset i Leikanger torsdag 8. mars. 

I tillegg til sakshandsaming skal fellesnemnda også ha ein arbeidsverkstad. Der vert det innleiingar om sams vegadministrasjon og politisk organisering. Etter lunsj får også idrettskrinsane i Sogn og Fjordane og Hordaland høve til å kome til innspel til politisk og administrativ organisering.

Saksliste

Nemnda skal handsame desse sakene:

  • Godkjenning av møteinnkalling og sakliste                         
  • Godkjenning av møtebok fellesnemnda 18.12.2017                                   
  • Uttale om fylkeskommunane sine budsjett og økonomiplanar 2018
  • Eingongskostnadar for samanslåingsprosessen – budsjett                       
  • Kommunikasjonsplan for samanslåingsprosessen 
  • Tannhelsetenesta – administrativ organisering og leiing                            
  • Skriv og meldingar

Alle saksframlegga for møtet i fellesnemnda 8. mars 2018.

Program

Kl. 08.30–09.15 Kaffi og enkel servering ved frammøte

Kl. 09.15–12.15 Politisk organisering i den nye fylkeskommunen – innleiingar og arbeidsverkstad

Kl. 12.15–13.00 Lunsj

Kl. 13.00–13.30 Sogn og Fjordane og Hordaland idrettskrinsar – innspel til organisering

Kl. 13.30–14.30 Sakshandsaming jf. sakliste

Kl. 14.30–15.00 Pause med kaffi- og fruktservering

Kl. 15.00–16.00 Sakshandsaming jf. sakliste

Kl. 16.00–16.30 Open debatt

Detaljert program for møtet i fellesnemnda 8. mars 2018 er lagt ved.

Meir informasjon om fellesnemnda.

Kontaktpersonar

Anne Gine Hestetun
fylkesordførar, Hordaland fylkeskommune
995 64 643
fylkesordforar@hfk.no

Jenny Følling
fylkesordførar, Sogn og Fjordane fylkeskommune
479 05 990
jenny.folling@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568

Kristin Rundsveen
rådgjevar for fylkesordføraren
kristin.rundsveen@sfj.no
908 90 713