Møre og Romsdal vil selje aksjeposten i Fjord1

Møre og Romsdal fylkeskommune har vedteke at dei vil selje aksjeposten sin i Fjord1 til Havila AS for 362,3 millionar kroner. Vedtaket vart gjort på fylkestinget onsdag 13. april med 32 mot 15 røyster.

”Vi tek vedtaket til Møre og Romsdal fylkesting til etterretning og vil gå gjennom vedtaket og ordlyden i det. Så vil vi vurdere strategien vår ut frå det”, seier fylkesordførar Nils R. Sandal.

Det er fylkeskommunane i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal som eig Fjord1 med aksjepostar på 59 prosent til Sogn og Fjordane og 41 prosent til Møre og Romsdal. I vedtaket til Møre og Romsdal fylkeskommune ligg det at midlane frå salet skal setjast av i eit infrastrukturfond som mellom anna må kunne gje tilskot og lån til enkeltprosjekt.
Etter det Møre og Romsdal fylkeskommune melder, vert det no sett i gang ein prosess der dei søkjer å møte krava frå bodgjevar Havila AS i høve mellom anna innhald i aksjekjøpsavtalen og aksjonæravtale. Kjøpar skal også gjennomføre såkalla ”due diligence”. Det er ein prosess for å sjå til at tilstanden i selskapet er i samsvar med informasjonen som er gitt. Desse prosessane vil vare i om lag ein månad.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har forkjøpsrett til den aksjeposten som Møre og Romsdal fylkesting no har vedteke at dei vil selje.

Del dette:

Relaterte lenker

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568