Portrett av Aina Drage
Portrett av Aina Drage

Foto: Runar B. Mæland/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Mobbeombodet får fortsette

Hausten 2018 fekk Sogn og Fjordane eit mellombels mobbeombod for born i barnehage og grunnskule. No har fylkestinget bestemt at ordninga skal forlengast ut 2020.  

Mobbeombodet hjelper born, elevar og foreldre med å få oppfylt retten til eit trygt og godt læringsmiljø i barnehage og grunnskule. Aina Drage frå Høyanger tok til som mobbeombod hjå Sogn og Fjordane fylkeskommune i august 2018, og er i dag aktiv over heile fylket. Ordninga skulle først vare ut 2019. 

– Eg er glad for dette, det er viktig at politikarane ser kor naudsynt arbeidet er, seier Aina Drage, mobbeombod i Sogn og Fjordane.

Nasjonal ordning

Ordninga er nasjonal, og er eit spleiselag der staten og fylkeskommunane deler på kostnadane.

Der elevar i vidaregåande skule har hatt sitt elev- og lærlingeombod i fleire år, får no dei yngre hjelp til få eit godt psykososialt læringsmiljø. Mobbeombodet jobbar med å førebyggje mobbing, følgje opp konkrete saker og vere tilgjengeleg som ein samtalepart for born, unge og foreldre og føresette.

– Engasjementet veks, og meldingane om mobbing kjem både frå barnehagar og frå alle årstrinn i grunnskulen. Det er allereie mange som nyttar tilbodet, som også gir viktig kompetanseheving i barnehage og skule, seier Drage.

Evaluering i 2020

Prøveordninga skal evaluerast før juni 2020, og etter dette vil Kunnskapsdepartementet avgjere korleis mobbeomboda skal knytast til dei nye fylkeskommunane. Hordaland har allereie eit fast mobbeombod. Når Vestland fylkeskommune er ein realitet i 2020, ser ein for seg at Aina Drage vil fortsette å ha dagens Sogn og Fjordane som arbeidsområde i 2020.

Forlenginga av ordninga vart samrøystes vedtatt av fylkestinget.

Kontakt: 

Aina Drage
mobbeombod, Sogn og Fjordane fylkeskommue
aina.drage@sfj.no
918 79 092

Jenny Følling
fylkesordførar
479 05 990

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568