Fylkeshuset på Leikanger. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune
Fylkeshuset på Leikanger. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Mistanke om økonomisk utruskap

Fylkesrådmannen avdekka rett før jul 2014, gjennom ei internkontrollhandling, at ein tilsett i fylkeskommunen kan ha gjort seg skuldig i økonomisk utruskap.

Det er førebels for tidleg å seie noko om kor store beløp det kan dreie seg om.

Saka vart tidleg på nyåret lagt fram for politiet, og vert no etterforska av økoteamet ved Sogn og Fjordane politidistrikt. Eventuelle spørsmål om etterforskinga må difor rettast dit.

Fylkesrådmannen samarbeider tett med politiet i saka og vil førebels ikkje kunne gje informasjon utover det som står i denne pressemeldinga.

Ei sak som dette vil alltid ha karakter av også å vere ei personalsak. Fylkesrådmannen ber alle, som på ein eller annan måte måtte kome bort i saka, om å ta omsyn til dette.

Innad i fylkeskommunen har fylkesrådmannen informert dei som må kjenne til saka.

Ansvarleg for utlegginga: Tore Eriksen, fylkesrådmann, Sogn og Fjordane fylkeskommune

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut