Minst 800 såg fylkestinget på nett

Fylkestinget 6. april vart overført direkte i web-tv, og hadde minst 800 sjåarar. – Dette var moro, og vi er svært nøgde med tala. Dette syner at folk er interesserte i fylkespolitikken, og at å sende møta i web-tv er både etterspurt og nyttig, seier informasjonssjef i fylkeskommunen Ingvild Ramstad. Her kan du sjå opptaka frå fylkestinget.

– Vi hadde ikkje venta så høge sjåartal første gongen vi sende fylkestingsmøtet på internett, men vi har no planar om å sende alle tingseta på denne måten. Slik vert den fylkespolitiske debatten og vedtaka synlege og tilgjengelege for eit større publikum, der geografi ikkje spelar noko rolle, seier Ramstad.

Gjer debatten tilgjengeleg for alle

Fylkestingsmøtet i Loen 6. april vart sett av minst 800 sjåarar. Til saman var sendinga besøkt meir enn 1300 gonger, noko som betyr at mange var innom og såg fleire gonger i løpet av den nær åtte timar lange tingseta.

Sjåarstatistikken viser blant anna at to sjåarar frå Storbritannia var innom sendinga, i tillegg til ein frå Japan og ein frå Spania. Slike sendingar opnar for engasjement utanfor både fylkes- og landegrenser, og dette er noko fylkeskommunen vil halde fram med. Det neste møtet i fylkestinget vert 6. og 7. juni, og også dette vert sendt direkte i web-tv.

– Andre fylkeskommunar har gode erfaringar med sending av fylkestingsmøta på nett. Vi har trua på at interessa vil auke også i Sogn og Fjordane, og at dette er med på å skape endå større engasjement rundt fylkespolitikken, seier Ramstad.

Flickr-kontoen til Sogn og Fjordane fylkeskommune er det lagt ut bilete frå tingseta. Desse kan nyttast fritt mot kreditering.

For meir informasjon, ta kontakt med

Ingvild Ramstad
Informasjonssjef, Sogn og Fjordane fylkeskommune
E-post: ingvild.ramstad@sfj.no
Telefon: 975 14 466

 

Del dette:

Relaterte lenker

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568