Mindre elevfråvær i den vidaregåande skulen

Tal frå skuleåret 2013-2014 viser at elevfråværet i den vidaregåande skulen i Sogn og Fjordane har stabilisert seg. Nasjonalt har fråværet i vgs auka i fleire år. Enno er fråværet størst i yrkesfagleg utdanning.

Problemstillinga har vore debattert på landsbasis, og mellom anna NHO har uttrykt uro for auken. I Sogn og Fjordane syner no tala at fråværet har stabilisert seg. For talet enkelttimar har fråværet vorte noko redusert. I snitt er elevane i Sogn og Fjordane borte frå skulen 9 dagar og 21 timar ut over fråværet elevane kan ha.

Trenden har snudd

Assisterande fylkesdirektør for opplæring, Tor-Einar Holvik Skinlo, seier det er gledeleg at trenden har snudd. - Vi har arbeidd målretta for å redusere fråværet. Dei tilsette på dei vidaregåande skulane har gjort ein god innsats, mellom anna med å gjere elevane medvitne på problemet.
Framleis er elevfråværet størst på dei yrkesfaglege utdanningsprogramma. Skinlo peiker på at ein i samarbeid med opplæringskontor og bransjar legg ein innsats i å fortelje elevane om kva som ventar dei i arbeidslivet. Fråværet er den faktoren som mange bedrifter legg mest vekt på når dei skal rekruttere lærlingar. Som elev må ein vite at fråværet kan få store konsekvensar for vidare utdanning og karriere. -Samarbeidet med bedrifter og opplæringskontor vil halde fram – trenden er snudd men jobben er ikkje fullført, seier Skinlo.

For meir informasjon

Tor-Einar Holvik Skinlo
ass. fylkesdirektør for opplæring
Tor-Einar.Holvik.Skinlo@sfj.no
958 39 029

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00