Miljø

Med omgrepet miljø meiner ein gjerne naturen og omgjevnadane som vi omgir oss med. Miljøproblem kan vere luftforureining, forureining av vatn/hav eller forureining av land/jord. 

I grunnlagsdokumentet til NTP 2018-2029 er overordna mål at vi skal ha eit transportsystem som er sikkert, fremjar verdiskaping og bidreg til omstilling til lågutsleppssamfunnet. I tillegg til hovudmålet,  vert det definert to etappemål som ivaretek miljø-aspektet i transportplanlegginga. Det inneber både mål for rein luft og støy, samt avgrense tapet av naturmangfald.

Støy og luftforureining

Transport og helse heng saman. Korleis vi flyttar oss frå A til B påverkar helsetilstanden vår. Vegtrafikk kan utsette menneske for ulike risikofaktorar, som mellom anna trafikkulykker, luftforureining, støy og klimaendringar. Spesielt gjeld dette utsette grupper, som risikerer dårlegare helse og redusert livskvalitet. Auka bruk av transportformer som bil, buss, båt og tog medfører også redusert fysisk aktivitet, noko som igjen utgjer ein helserisiko.

Høge konsentrasjonar av luftforureining kan gi helseverknadar som nedsett lungefunksjon, auka bronkitt og astma, hovudverk og auge- og slimhinneirritasjon. Luftforureining bidreg også til ein auke i temperatur og bakkenær ozon. Høge nivå av bakkenær ozon kan føre med seg skader på helse, vegetasjon og materialar.

I høve støy ser ein at det er eit betydeleg tal personar i norske byområde, som er eksponert for støynivå over anbefalte grenseverdiar. Ei auka fortetting mot sentrum av byar og tettstader vil gi eit auka tal personar som blir eksponert for høg støy. Statlege retningsliner for behandling av støy i arealplanlegging bør difor ligge til grunn for kommunal og fylkeskommunal areal- og transportplanlegging.

Den største kjelda til lokal luftforureining er vegtrafikk, med utslepp av eksos og asfaltstøv frå piggdekk. Reduksjon av støy og luftforureining må vere ein del av planlegginga for framtida, både innan transportsektoren, men også knytt til utviklinga til sentruma i fylket. Auka størrelse på sentrum, naturgitte forhold som fjellformasjonar og vêrforhold, og utslepp frå køyretøy i sentrum vil avgjere luftkvaliteten innbyggarane opplever. 

Det eksisterer nasjonale mål for kor mykje ein kan sleppe ut av skadelege gassar, og forskriftene må vi følgje i fylket. Forureiningsforskrifta, kapittel 7, omtalar lokal luftkvalitet. Forskrifta har som formål å fremje menneske si helse og trivsel, og beskytte vegetasjon og økosystem ved å setje minstekrav og målsetjingsverdiar til luftkvalitet. Ved å gå over til framkomstmiddel som gir nullutslepp reduserer ein automatisk utslepp knytt til forbrenning av fossilt drivstoff som diesel og bensin. Nullutsleppsteknologi er også ein framkomstmåte med lågare støynivå enn konvensjonell forbrenningsmotor.

Naturvern

Klimaendringane påverkar biologisk mangfald, og treng difor å bli tatt omsyn til å planlegging. Fleire artar er Raudlista, og står i fare for å forsvinne. I tillegg møter ein utfordringar knytt til innslag av framande artar. Framande artar blir globalt vurdert til å vere det viktigaste trugsmålet mot biologisk mangfald, etter arealendringar.

Norsk raudliste 2010 og 15

Figur: Tal artar på Norsk raudliste i 2010 og 2015

Klimatiske endringar vil påverke artssamansetninga og biomasseproduksjonen i naturen, noko som vil vere positivt for nokre artar og negativt for andre. I transportplanlegginga vil det vere viktig til å ta omsyn til naturmangfaldet, for å bevare eit stort artsmangfald med store genetisk variasjon. Dette for å bidra til robuste økosystem som er betre i stand til å overleve og tilpasse seg ein natur i rask endring. Med utgangpunkt i Artsdatabanken vil ein sjå at det er endring i arealbruk som er den største trusselen mot naturmangfaldet i Noreg (sjå figur under).

Trussel mot artsmangfald

Velfungerande økosystem kan vere med å bidra til å redusere konsekvensane av klimaendringane. Eksempelvis kan skog hindre ras og erosjon, og vegetasjon langs elver og vassdrag kan redusere omfanget av mindre flaumar. I arbeidet med ulike tiltak i regional transportplan vert det viktig å ta omsyn til naturen og på best mogeleg måte ivareta naturen si eiga evne til å tilpasse seg klimaendringane. Det bør vurderast å nytte seg av naturbaserte løysingar i den grad dette er mogeleg å gjennomføre i prosjektet. Med naturbaserte løysingar meinast alternativ som er med å løyse samfunnsutfordringar ved å ta i bruk naturlege prosessar og økosystem. Dette kan vere multifunksjonelle løysingar der arealet fyller fleire behov på ein gong.

I grunnlagsdokumentet til NTP 2018-2029 er overordna mål at vi skal ha eit transportsystem som er sikkert, fremjar verdiskaping og bidreg til omstilling til lågutsleppssamfunnet. I tillegg til hovudmålet, vert det definert to etappemål (M2 og M3) som ivaretek miljø-aspektet i transportplanlegginga. Det inneber både mål for rein luft og støy, samt avgrense tapet av naturmangfald.

I tillegg til å ta omsyn til utsleppsreduksjon og klimatilpassing i planlegginga av transportbehovet i fylket, er det naudsynt å ta omsyn til naturmangfaldet samt dei lokale og globale miljøutfordringane som kan vere knytt til dei ulike prosjekta som blir sett i gang.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har ansvar for å ta vare på lokale miljøforhold både for menneskjer, planter og dyr. I kommande prosjekt knytt til infrastrukturutbygging og trafikk vert det naudsynt å planlegge innanfor naturen sine tolegrenser. Dei negative og uønskte konsekvensane i alle fasar av prosjekta må reduserast til eit minimum. 

 

Del dette:

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Relaterte lenker