Leikanger og fjorden sett frå Hermansverk
Leikanger og fjorden sett frå Hermansverk

Utvikling av kvalitetskompost til frukt- og bærproduksjon på Vestlandet, som her på Leikanger, er blant prosjekta som får forskingsmidlar. Foto: Asbjørn Ness/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Midlar til vestnorsk forsking

Regionalt forskingsfond Vestlandet deler ut 25 millionar kroner til nye forskingsprosjekt i landsdelen. Fiskeribedrifta Frøyanes AS på Stadtlandet og Simas Næring AS i Kaupanger er blant vinnarane som får forskingsmidlar.

Styret i Regionalt forskingsfond Vestlandet (RFF Vestlandet) har vedtatt å løyve 25 millionar kroner til ni nye forskingsprosjekt i næringsliv og offentleg sektor.

- Nedgangstider i oljebransjen gir eit stort behov for nyskaping i landsdelen vår, og regjeringa har gitt fondet ei ekstraløyving i år for å bidra til omstilling i nærings- og arbeidslivet på Vestlandet. Eg er overtydd om at forskingsbasert kunnskap og innovasjon er nøklar til å lukkast i dei endringsprosessane vi står overfor, og er glad for at vi har fått mange og gode søknader også i denne tildelingsrunden, seier Solveig Ege Tengesdal, fylkesordførar i Rogaland og styreleiar for RFF Vestlandet.

Kompost i frukt- og bærproduksjon

Det er påvist førekomst av jordtrøyttleik og lite fruktbar jord i eplehagar og jordbæråkrar i både Hordaland og Sogn og Fjordane. No får Simas Næring AS inntil tre millionar kroner i støtte til å utforske bruk av lokalt produsert kompost til å forbetre jordkvaliteten i frukt- og bærdyrking.

I tillegg er Njøs Næringsutvikling AS , Lindum AS, Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane AS, engelske East Malling Research og Universitetet i Oslo med som forskingspartnarar i prosjektet. Saman skal dei mellom anna gjere forsøk med kompostbaserte alternativ til torv som dyrkingsmedium for epletre planta i potte og jordbær i sekk.

Forskarane vil legge vekt på å utnytte sjukdomshemmande organismar i komposttypar der matavfall inngår, slik at prosjektet også skal kunne bidra til mindre behov for kjemiske plantevernmiddel i næringa. Det vil elles vere ei sentral forskingsutfordring å finne gode metodar for å vaske ut salt frå komposten, då særleg jordbærplantar tåler salt dårleg.

- Dette er ei spennande vidareføring av eit forskingsprosjekt som tidlegare har fått kvalifiseringsstøtte frå fondet. Om ein kan bruke kompost som alternativ til lite berekraftig veksttorv, vil det både ha ein miljøgevinst og bidra til å løyse eit avfallsproblem. Forsking på alternative strategiar mot sjukdommar på frukttre og bærplantar er også av stor betyding for ein næring som er svært viktig for landsdelen vår, seier Tengesdal.

Dyrefôr av kvitfiskavfall

Fiskeribedrifta Frøyanes AS på Stadtlandet vil bruke restråstoff frå kvitfisk til å lage hermetisert dyrefôr om bord på båtar i autolineflåten, og får no inntil tre millionar kroner i forskingsstøtte.

Av restråstoff frå kvitfisk har ein tidlegare berre nytta seg av lever og rogn i sesongen, og årleg vert fleire hundre tonn fiskeavfall lempa rett på sjøen. Frøyanes vil derfor utforske nye moglegheiter for heilårsutnytting av hovud, avskjer, innmat, buklister og liknande. I prosjektet skal ein både analysere næringsinnhaldet i råstoffet, drive produktutvikling retta mot marknaden for dyrefôr og utvikle metodar for prosessering og hermetisering om bord på båtane. 

- Her snakkar ein om å lage kommersielle produkt av råstoff som elles berre vert kasta, så denne forskinga har heilt klart eit potensial til å bidra til både verdiauke og betre ressursutnytting i kvitfisksektoren, seier Tengesdal.

INAQ AS, Arctic Linefish AS, Coop Vest SA og islandske Matis ohf er med som partnarar i prosjektet.

Rekordmange søknader

Med totalt 39 søknader om hovudprosjektmidlar i denne tildelingsrunden, var interessa for fondsmidlar større enn nokon gong tidlegare. Søkjarane bad om støtte på meir enn 100 millionar kroner, og fondet vedtok å løyve 25 millionar til ni prosjekt innanfor satsingsområda energi, berekraftig matproduksjon og innovasjon i offentlege ansvarsområde.

Alle godkjende søknader er grundig vurderte av fagpanel oppnemnte av Noregs forskingsråd. RFF Vestlandet har deretter særleg vurdert regional relevans i prosjekta samt verdiskapingspotensial for landsdelen. I denne søknadsrunden er det også lagt spesiell vekt på bidrag til omstilling i næringslivet.

Kvalifiseringsstøtte populært tilbod

Så langt i år har fondet også delt ut drygt ti millionar kroner i kvalifiseringsstøtte til 20 ulike prosjekt.

- Å utvikle gode forskingsprosjekt tar tid og kan vere krevjande for mange mindre aktørar. Målet med kvalifiseringsstøtta er å gje fleire moglegheit til å utvikle gode forskings- og utviklingsprosjekt som kan kvalifisere til vidare støtte, enten frå oss eller gjennom andre ordningar, seier Tengesdal.

Desse fekk forskingsmidlar

Dette er oversikten over alle prosjekta som fekk forskingsmidlar i denne tildelingsrunden:

  • Offshore Sensing AS – «Autonom offshore overvåkning av fiskeegg og larver» – Inntil 1 million kroner i støtte.

  • Fishglobe AS – «FishGLOBE: Uttesting og dokumentasjon for oppdrett av postsmolt og behandling mot AGD og lus» – Inntil 3 millionar kroner i støtte.

  • Andreas Wiig – «Søtkirsebær dyrka i potter i veksthus og tunnel» – Inntil 3 millionar kroner i støtte.

  • Frøyanes AS – «Hermetisert kjæledyrfôr basert på ferske restråvarer fra autolineflåten» – Inntil 3 millionar kroner i støtte.

  • Hardingsmolt AS – «Greenbag; En ny og innovativ produksjonsplattform for lukket oppdrett» – Inntil 3 millionar kroner i støtte.

  • Fjell kommune – «Sjef i eige liv. Prestasjonsmåling for en ny tjenestemodell i Fjell kommune» – Inntil 3 millionar kroner i støtte.

  • Simas Næring AS – «Utvikling og måling av effekt av kvalitetskompost til frukt- og bærproduksjon på Vestlandet» – Inntil 3 millionar kroner i støtte.

  • Biomega AS – «Optimalisering av enzymatisk hydrolyse av marint restråstoff» – Inntil 3 millionar kroner i støtte.

  • Bergen kommune, vann- og avløpsetaten – «Utnyttelse av avfall fra marin matproduksjon til regional fornybar energi» – Inntil 3 millionar kroner i støtte.

For meir informasjon

Arne Monrad Johnsen
seniorrådgjevar
arne.monrad.johnsen@sfj.no
415 30 978

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00