Meltveit Kleppa lova fornya innsats på nynorskelevane sine vegne

Det gjekk ein raud tråd frå bruk av design som omdømebygging i Stryn, via den ny-skitne samtidslitteraturen og til språkdebatten bak lukka dører i Regjeringskvartalet då utsendingar frå dei 116 nynorskkommunane i landet møttes i Loen.

Fylkeskommunen er medarrangør til det tredagarlange Landstinget for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) som åpna tysdag denne veka.

Omdømebygging

Eit godt omdøme vert stadig viktigare i konkurransen om kvalifisert arbeidskraft og vekst i folketalet, helsa kommunalminister Magnhild Meltveit Kleppa møtelyden velkomen.

To tredelar av folkeveksten er det innvandrarane som står for. Å gjera seg tiltrekkjande for denne gruppa vil verta ei stadig større utfordring for distriktsnorge. Statistikken visar at meir enn halvparten av dei kjem – og dreg vidare – utan å verta integrert. Denne utfordringa er det kommunane må gripa fatt i og prøva snu, hevda Meltveit Kleppa.

Design i Stryn

Du finn ikkje produkt ”Made in Stryn” på Ica. I ambassader verda over, til dømes i Moskva, derimot…, hevda Bjarte Håøy Nes, teknisk sjef i Hagen AS.

Design har vore Stryne-selskapa sitt framste verkemiddel til omdømebygging i mange år. Resultatet er at dei no møtes av skyhøge forventningar i marknaden. Suksessar som Stryn-trappa, som var standard innreiing i norske heimar i mange år, tving Hagen og dei andre Stryn-verksemdene til å jobba kontinuerleg for å leva opp til publikum sine forventningar om stadig betre kvalitet.

Færre nynorskkommunar – fleire nynorskbrukarar

- Gløym dei eksterne profileringstiltaka. Sats heller på å styrka den interne identiteten og kulturen, råda Alfred Bjørlo, dagleg leiar i Måløy Vekst.

Ein samla region, med folketal over ein viss storleik og ein større og lett tilgjengeleg arbeidsmarknad, er det som skal til for å sikra eit godt omdøme. Ei verkeleggjering av visjonen om 45-minutters-regionen vil ha langt større effekt enn store ord i media, meinte den entusiastiske innflyttaren til Norges ”Pelagiske hovudstad”.

- Kommunestrukturen og dei barrierane dei skaper er Distriktsnorge sin verste fiende, hevda Bjørlo.

Nynorsken treng betre omdøme

Styreleiar Jan Magne Dahle i LNK minna landsmøteutsendingane på kvifor dei var samla:

- Nynorsk må ikkje få lov å verta eit reservatspråk for minoritetar i utkantkommunar på Vestlandet. Ungdomen treng gode førebilete som kan gje nynorsken eit godt omdøme. Platepratar Ronny Brede Aase i NRK P3, som nyleg fekk Kultur- og kyrkjedepartementet sin nynorskpris for journalistar, vart framheva som eit godt døme på kva ungdom vi vil ha.

I Statsråd

Det er i år 30 år sidan Stortingsvedtaket som jamstelte nynorske lærebøker. Likevel får elevane i nynorskklassar i vidaregåande skular kvar haust erfara at lov er ein ting, praksis er noko ganske anna.

Kampen for nynorsken må førast på mange plan. Meltveit Kleppa lova fornya innsats på nynorskelevane sine vegne, både ute i felten og ”heime” i Regjeringskvartalet til hausten. Sjølv i departementa kan dei til tider trenga å høyra eit alvorsord frå dei fire nynorskstatsrådane for å overhalda lova, kunna statsråden betru landsmøteutsendingane.

Ser det unike i gråstein

Biletet fylkeskultursjef Ingebjørg Erikstad kunne presentera frå heimefylket var meir positivt. Den vedtekne kulturstrategien legg opp til å la ungdomen delta, oppleva og testa ut ny teknologi. Resultatet er ein generasjon av kulturarbeidarar som ”klarar å sjå det unike i gråstein”.

Operahuset på Eid er eit godt døme på kva samspel mellom offentlege instansar på alle nivå, frivillig sektor og næringslivet kan få til.

Pris for offentleg målbruk

Prisen for offentleg målbruk 2009 kunne kommunalministeren tildela Hordaland Teater. Teateret fekk prisen for å ha brakt den nynorske førestellinga ”Vestlandsrevyen” ut til kva minste krik og krok i nabofylket i sør. Tidlegare teatersjef Arvid Ones mottok prisen på 50.000 og eit trykk av Ludvig Eikaas på vegne av blant anna Olav Stedje, som er ein av dei sorgmuntre humoristane bak teatersukessen.

Nyskiten samtidslitteratur

At omdømebygging kan arta seg så ulikt, og at ikkje all omtale er god marknadsføring, fekk møtelyden klart for seg. I beste Ivar Aasen-tradisjon fekk også tvisynet lova å koma til orde.

Den nyskitne samtidslitteraturen siste tiåret har nok gjeve eit godt innblikk i dei meir problematiske sidene ved Bygdenorge. Inngåande skildringar av tause menn, bilar, øl og heimebrent, kvalifiserer likevel ikkje litteraturen som verkemiddel til omdømebygging, meinte litteraturmedarbeidar og forfattar Marta Norheim, NRK.

Du kan lesa meir om Landstinget her: LNK NYTT - Landstinget 2009

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00