Foto frå Aurlandsfjellet
Foto frå Aurlandsfjellet

Foto: Rolf M. Sørensen

Meld deg på reiselivskonferansen Fjordane frå Bre til Hav

Korleis skape gode opplevingar året rundt og legge til rette for heilårsturisme? Dette er tema på reiselivskonferansen Fjordane frå Bre til Hav 5. og 6. november i Loen.

Konferansen er staden å vere for reiselivsverksemder og andre med interesser i reiselivet som ønskjer å bli inspirert til satsing, vekst og utvikling, også utanfor sommarsesongen. 

Føredragshaldarar til inspirasjon

Årets tematikk er heilårsturisme og korleis ein skal lage gode oppelvingar året rundt. Det er fleire gode dømer på dette både i fylket vårt og elles i landet vårt og fleire kjem for å fortelje korleis dei har fått det til og korleis dei satsar på sesongane utanom hovudsesongen.

Nokre av dei som kjem for å fortelje om sine satsingar er Cornelius Sjømatrestaurant, Destinasjon Trysil og Fjordsafari Norway. I tillegg kjem Kari Hasselknippe for å fortelje korleis du skal bli rå på merkevarebygging, og fylket sin eigen globetrottar, Gunnar Garfors, kjem for å fortelje kva vi kan lære av andre land når det kjem til å selje fascinerande opplevingar i lågsesongen med suksess.

Du finn heile programmet og kan lese meir om føredragshaldarane her.

Reiselivsprisen 2019

Reiselivsprisen 2019 Sogn og Fjordane skal delast ut ved middagen 5. november. Det er Sparebanken Vest som delar ut prisen.

Du kan nominere din kandidat til Reiselivsprisen 2019 Sogn og Fjordane fram til 15.oktober. Sparebanken Vest delar ut 50 000 kr til ei reiselivsbedrift i fylket som har utmerka seg det siste året, enten lokalt, nasjonalt eller internasjonalt. Du finn kriteria for prisutdelinga og skjema til nominering her.

Konferansen er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune og Innovasjon Norge, Vestland.

Påmeldingsfrist til konferansen er 27. oktober og du kan melde deg på her.

For meir informasjon

Anne Silje Sylvarnes

Førstekonsulent, Sogn og Fjordane fylkeskommune

anne.silje.sylvarnes@sfj.no

57 63 81 64

 

 

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00