Cruiseship ved hamna i Flåm.
Cruiseship ved hamna i Flåm.

Foto: Rolf M. Sørensen/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Nasjonal konferanse om cruiseturisme i Noreg

Konferansen er aktuell for alle aktørar i Noreg som er involverte i cruiseturisme, samt interesseorganisasjonar, offentlege etatar, kommunar, fylke og departement.

Vestlandsrådet ved fylkeskommunane i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal inviterer til nasjonal konferanse om cruiseturisme til Norge i Bergen 29. oktober 2019.

Hovudmålet med konferansen er å auke kunnskapen kring nokre av utfordringane knytt til cruiseturisme i Noreg. Både næringa og det offentlege har behov for å planlegge og ta best moglege avgjersler om korleis ein skal tilrettelegge og møte den forventa veksten i cruisetrafikken til Norge som prognosane peiker på.

Konferansen er ein dagskonferanse (09.00–16.30) på Grand Hotel Terminus i Bergen. Deltakaravgifta er 500 kr og inkluderer lunsj. Betaling ved påmelding. Eventuell overnatting ordnar den enkelte konferansedeltakar sjølv. Du kan melde deg på her. NY Påmeldingsfrist er 25. oktober 2019.

Sjølve konferansen vil veksle mellom presentasjonar, paneldiskusjonar og debatt der konferansedeltakarane deltek.

På konferansen vil sentrale spørsmål bli sett lys på og sett under debatt. Programmet for konferansen finn du her og byr på blant anna følgjande tema og presentasjonar:

  • ​Opningsføredrag v/statssekretær Atle Hamar, Klima- og miljødepartementet
  • ​Treng vi ein nasjonal cruisestrategi og kva bør den vektlegge og prioritere?​ ​Innlegg ved representantar frå ulike delar av cruisenæringa, med påfølgjande paneldebatt.
  • Den nye havne- og farevasslova.​ Gjennomgang ved Samferdselsdepartementet. Kva endringar inneberer revidert havne- og farevasslov, og kva betyr dette for den enkelte hamn og destinasjon med tanke på lokale avgrensingar og reguleringar?
  • ​Tålegrenseanalyse for reisemål.​ Presentasjon av eit analyseverktøy som reisemål kan nytte for å vurdere staden si optimale tåleevne med tanke på å motta tilreisande, her også inkludert cruisegjester. Analyseverktøyet er utarbeida av McKinsey Company på oppdrag av World Travel and Tourism Council og er basert på undersøkingar og data frå 34 byar rundt om i heile verda.
  • Framtidige energiformer for cruiseskip.​ Er det landstraum, batteridrift, LNG, hydrogen eller andre energiberarar som er framtida innanfor cruisenæringa? Kva konsekvensar vil val av energiform ha for Noreg? Kva moglegheiter opnar dette for reiselivsnæringa og andre leverandørnæringar? Innleiing ved Norsk Klimastiftelse og DNVGL Grønt Skipsfartsprogram. Korte innlegg frå representantar som er involverte i nokon av dei mest aktuelle alternativa.
  • ​Beredskap knytt til cruisetrafikk i Noreg.​ Er beredskapen vår i samband med uynskte hendingar knytt til cruisetrafikk god nok? Er norske styresmakter i stand til å handtere alvorlege, uynskte hendingar med fleire tusen passasjerar og mannskap involverte? Korleis kan vi best førebygge for å unngå slike hendingar i framtida? Institutt for marin teknikk, NTNU og Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB).

Kontaktinformasjon

Trond Amland
prosjektleiar
trond@reiselivsutvikling.no
908 55 755

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut