Bilde landbrukskonferansen Vestland 2019
Bilde landbrukskonferansen Vestland 2019

Meld deg på landbrukskonferansen du også!

Vi har mange påmelde til den første Vestlandskonferansen for landbruk i Sogndal 3. - 4. september, men vi har plass til  fleire.

Meld deg på i løpet av veka, så får du høyre mellom anna Reidar Almås, og treffe mange andre som er opptatt av landbruk og klima i nye Vestland fylke.

Siste frist for påmelding er 16. august, og du melder deg på her.

Korleis kan landbruket medverke i klimadugnaden og korleis kan bonden handtere klimaendringar? Dette er hovudtema for Vestland sin første landbrukskonferanse.

3-4. september arrangerer Fylkesmannen i Vestland og fylkeskommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane landbrukskonferanse i Sogndal.

Gjennom to dagar skal kommunar og andre interesserte få auka kunnskap gjennom gode og aktuelle innlegg, og dele erfaringar og idear. Vi vil også få tid til å bli kjende med nye samarbeidspartnarar og byggja nettverk.

Hovudtema for konferansen er Klimaklokt vestlandslandbruk. I tillegg får du innsikt i mange ulike landbruksfaglege tema.

 

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00