Seks jenter i jeans og svarte toppar dansar på ei scene.
Seks jenter i jeans og svarte toppar dansar på ei scene.

Dansarar frå Firda vgs. Fotograf: Hans Græsli.

Meld deg på kulturkonferansen 2017

Velkomen til Kulturkonferansen 2017. Den går av stabelen 23. og 24. mars på Scandic Sunnfjord Hotell. Tema i år er «Kulturpolitikk i reformtider».

Kulturkonferansen skal vere ein møteplass og debattarena for politisk diskusjon om kultur i Sogn og Fjordane. Meld deg på!

Vi ønskjer mellom anna å diskutere

  • Eit nytt løft for ein tydeleg nasjonal kulturpolitikk.
  • Korleis utvikle ein ny kulturpolitikk når/om større kommunar og regionar vert etablerte?
  • Kva oppgåver bør nye regionar og større kommunar ha ansvar for?
  • Kva kjenneteiknar ein god kulturkommune?
  • Kva rolle spelar kultur som attraktivitetsfaktor?
  • Korleis kan kultur ha ei rolle i samfunnsutviklinga?
  • Kva veit vi om kulturaktiviteten og frivillig arbeid i dag?

For å stille spørsmål, svare og diskutere dette har vi invitert politikarar, organisasjonsfolk, forskarar, kommunalsjefar, kulturarbeidarar,  byråkratar, kunstnarar og frivillige til å halde innlegg. Heile programmet er lagt ved. 

Kven er denne kulturkonferansen for? 

  • politikarar i kommunar og fylke
  • rådmenn
  • planleggjarar
  • kulturarbeidarar
  • helse-/folkehelse-tilsette
  • frivillige lag og organisasjonar
  • kulturinstitusjonar
  • andre samfunns- og kulturinteresserte

Vi håper på sterk deltaking frå kommunale og fylkeskommunale politikarar. 

Elektronisk påmelding innan 13.03 (web-lenke)

Pris: 

  • Deltaking heile konferansen, inkl. heilpensjon kr 1955. 
  • Konsert med Sigrid Moldestad og Liv Merete Kroken torsdag kveld kr 200.
  • Dagpakke kr 495.
  • Middag kr 395.

Program

Last ned programmet (pdf-lenke)

Program_kulturkonferansen 2017_torsdag 23.03

Program_kulturkonferansen 2017_fredag 24.03

Del dette:

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00