Informasjon om elev-pc

Alle VG1-elevar skal stille med berbar datamaskin frå fyrste skuledag. Sogn og Fjordane fylkeskommune gjev stønad til kjøp av berbar pc gjennom våre ordningar til elevar som startar i VG1 for fyrste gong.

På denne sida finn du utfyllande informasjon om ordninga med subsidiert elev-pc. 

Viss du ikkje kan eller vil kjøpe pc gjennom vår ordning, kan du bruke eiga maskin eller kjøpe utanom vår ordning.

Kan eg kjøpe subsidiert elev-pc?

Dette tilbodet er for deg som skal starte i vg1 ved ein offentleg vidaregåande skule i Sogn og Fjordane for fyrste gong, og har ungdomsrett. Du får tilbodet om å kjøpe pc gjennom den fylkeskommunale ordninga berre éin gong, og kan berre kjøpe éi maskin.

Grunnmodellen er i prinsippet kostnadsfri for alle elevar, fordi utstyrsstipendet frå Lånekassen dekker det du som elev skal betale. Den reelle kostnaden for maskina er høgare enn dette, men fylkeskommunen dekker resten.

Grunnmodellen i ordninga kostar tre gonger lågaste sats for utstyrsstipend frå Lånekassen.

Utstyrsstipendet må du søke om sjølv. Dette gjer du kvart skuleår på nettsidene til Lånekassen.


Spørsmål og svar:

"Eg har skifta studieprogram og startar på nytt i vg1. Kvifor blir bestillinga avvist?"
Ordninga gjeld berre nye vg1-elevar. Om du har gått vg1 før har du fått tilbod om å kjøpe før, og då får du ikkje tilbodet ein gong til.

"Eg gjekk på privat skule/vgs i et annet fylke i fjor og skal gå Vg2 i Sogn og fjordane no. Kvifor blir bestillinga avvist?"
Ordninga gjeld berre vg1-elevar i offentleg vidaregåande skule. Om du har gått privat skule eller kjem frå eit anna fylke må du enten frikjøpe maskina frå der du kjem frå eller kjøpe sjølv.

"Eg skal gå vg1 for vaksne. Kvifor får eg ikkje godkjent bestillinga mi?"
Ordninga gjeld berre vg1-elevar med ungdomsrett. Elevar i vaksenopplæring får ikkje dette tilbodet.

"Eg skal vere elev ved GMU (grunnskule for minoritetsspråkleg ungdom). Kvifor får eg ikkje godkjent bestillinga mi?"
Ordninga gjeld berre vg1-elevar. Elevar i GMU får ikkje dette tilbodet.

Fristar og levering

20. juni 2019

Nettbutikken opnar for kjøp

31. juli 2019

Bestillingsfrist for garantert levering før skulestart (levering mellom 1. og 17.august)

1.august –12. august 2019

Bestillingar gjort denne perioden skal seinast leverast 24.august

13. august–30. november 2019

Bestillingar gjort denne perioden vert levert fortløpande med inntil 10 virkedagar leveringstid

30. november 2019

Nettbutikken stenger for kjøp

 

Dersom du bestiller etter 31. juli, eller dersom du vel å ikkje nytte ordninga, er du og dine føresette ansvarlege for at du stiller med berbar datamaskin til første skuledag. Dette er viktig fordi du i løpet av dei første dagane i skuleåret skal registrere deg digitalt, laste ned programvare, og få opplæring i systema som skulen nyttar.

Du kan bestille elev-pc heilt fram til 30. november 2019. Du kan difor starte skuleåret med ei maskin du har frå før og sjå om den er god nok før du eventuelt bestiller ny pc gjennom ordninga.

Godkjenning av bestillingane startar etter 1. inntaket 4. juli.

Bestilling og betaling

Atea sin nettbutikk for elevar hjå Sogn og Fjordane fylkeskommune

Du/føresette betaler via bank- eller kredittkort i nettbutikken.

Du kan kjøpe grunnmodellen i ordninga på avbetaling over tre år. Første avdrag må betalast ved bestilling i nettbutikken. Du får 500 kroner i rabatt på grunnmodellen dersom du betalar heile kjøpet når du bestiller. Les meir under «Kjøp på avbetaling».

Forsikring er ikkje inkludert. Du kan kjøpe treårig uhellsforsikring som eit tilval i nettbutikken. Om du ikkje kjøper uhellsforsikringa bør du sjekke om du har privatforsikringar som dekker skader på maskina.

Du får maskina levert per post til leveringsadressa du legg inn i nettbutikken.

Sogn og Fjordane fylkeskommune godkjenner kvar enkelt bestilling. Dette arbeidet startar når første-inntaket er gjort 4.juli.


Spørsmål og svar

"Kvifor må alle godkjennast?"
Det er berre lov å bestille éi maskin. Og ordninga gjelder berre elevar som skal gå vg1 første gang i offentleg vidaregåande skule i Sogn og Fjordane. Dette sjekkar vi.

"Får eg vite når bestillinga er godkjent?"
Ja, du får ein e-post frå leverandøren (Atea) om at bestillinga er godkjent.

"Kan eg hente maskina når bestillinga er godkjent?"
Maskina vil bli sendt i posten. Du vil få melding frå leverandøren når maskina vert sendt ut.

"Bestillinga mi er enno ikkje godkjent!"
Ingen grunn til panikk, godkjenninga skjer fortløpande og det same gjer utleveringa. Dersom det er spørsmål til bestillinga tek vi kontakt på telefonen eller e-posten som er oppgitt. Har du spørsmål om bestillinga di kan det vere lurt å kontakte Atea:22 09 50 30 eller send e-post til elevpc.sffk@atea.no

Kjøpsvilkår

Når du kjøper maskin på elevpc-ordninga til fylkeskommunen, betyr det at du nyttar fylkeskommunen si avtale med Atea. Du overtek eigarskapet når du hentar ut maskina.

Avtalen er eit offentleg innkjøp der Sogn og Fjordane fylkeskommune er oppdragsgjevar og avtalepart til Atea. Sidan dette er ei avtale mellom ein fylkeskommune og ei bedrift, vil kjøpslova gjelde i staden for forbrukarkjøpslova. Kjøpslova gjev færre rettar enn forbrukarkjøpslova. Dine rettar følgjer då kjøpslova og garantien til produktet. Forbrukarkjøpslova, angrerettlova eller andre forbrukarlover gjeld ikkje ved kjøp på elevpc-ordninga.

Begge modellane i ordninga har tre års garanti. Forsikring er ikkje inkludert!

Du kan velje å kjøpe ei tre års sikring mot uhell når du bestiller i nettbutikken. (Brann og tjuveri er ikkje dekka. Det kan difor vere lurt å sjekke om dette vert dekka gjennom eigne private forsikringar.)

Sogn og Fjordane fylkeskommune tilrår å kjøpe sikring i tillegg. Elles bør du passe på at du eller føresette har annan privat forsikring som kan dekke tap av eller skader på maskina.

Du og dine føresette er ansvarlege for å skaffe ny maskin ved tap eller skade.

Du eig maskina og melder sjølv inn eventuelle førespurnader om service og support til leverandøren.

Sjå elles nettbutikken for vilkår


Spørsmål og svar:

"Eig eg, eller låner eg maskina?"
Du eig maskina sjølv, du overtek SFFK sine rettigheiter til maskina og du må ha kontakt med leverandøren ved eventuelle reparasjonar.

"Kor går eg om maskina vert øydelagt?"
Da kontaktar du Atea og føl deira rettleiingar, sjå support-sida. Skulane og IKT-tenesta har ikkje ansvar for maskinvaren og skal heller ikkje reparere denne. Men skulane  kan hjelpe deg med programvare du treng til undervisninga. 

Modellar og prisar

Ordninga tilbyr ein grunnmodell og ein kraftigare modell. Grunnmodellen er meir enn god nok for dei aller fleste.

Nokre av utdanningsprogramma krev Windows grunna lisensiert programvare som elevane treng. Har du lese og skrivevanskar kan det også hende at du treng Windows for å køyre ulike hjelpeprogram. Les meir under «Viktig om val av maskin».

Forsikring: Vi rår alle til å ha ei forsikring som dekker skadar på maskina. Uhellsforsikringa du kan kjøpe med dekker til dømes knust skjerm. Les meir om forsikringa i nettbutikken.

Grunnmodell

Modell: HP ProBook 450 G6

Spesifikasjonar: Intel Core i3-8145U CPU, 8GB RAM, 128GB SSD, 13,3’’ skjerm, Intel® UHD Graphics 620 skjermkort, byggkvalitet MIL-STD-810G

Pris: kr 2653,- (om du betalar alt på ein gong) eller kr 3153,- (om du vel avbetaling)

Uhellsforsikring: kr 622,-

Kraftig modell

Modell: HP ProBook 450 G6

Spesifikasjonar: Intel Core i5-8265U CPU, 8GB RAM, 256GB SSD, 15,6’’ FHD skjerm, NVIDIA® GeForce® MX130 2 GB DDR5 skjermkort, byggkvalitet MIL-STD-810G

Pris: kr 6100,- (heile beløpet må betalast på ein gong)

Uhellsforsikring: kr 622,-

Les meir om maskinene og uhellsforsikringa i nettbutikken.


Spørsmål og svar:
"Kan eg bestille ei anna maskin hos Atea?"
Nei, for å få subsidiert maskin kan du berre velgje mellom dei modellane som står i tilbodet og i nettbutikken. 

"Kvifor må eg betale noko for maskina (grunnmodellen)?"
Eigenandelen tilsvarar tre gangar utstyrsstipendet som alle får frå Lånekassen og som ikkje er behovsprøvd. Det betyr at pengane frå stipendet dekker utgiftene til maskina. Du må sjølv søke om stipendet. Fylkeskommunen subsidierer resten av kjøpsbeløpet.

Bruke eiga maskin eller kjøpe utanom vår ordning

Maskina di må vere god nok til læringsarbeidet på skulen. Den må ha Windows eller Mac OS, samt antivirus installert. Maskiner med «Windows S» kan ikkje nyttast då dei ikkje kan installere dei programma du skal bruke.

Vi tilrår at maskina du skal bruke har SSD-lagring. Det trådlause nettverkskortet på maskina må minimum støtte standarden 802.11ac og 5Ghz nett.

Alle elevar får nytte MS Office 365 og digitale ordbøker gjennom våre avtalar. Som elev må du oppdatere maskina di jamleg og passe på å halde den i stand til å køyre desse programma. Du er sjølv ansvarleg for lagring og sikring av data (backup) samt generelt vedlikehald av maskina.


Spørsmål og svar:

"Kan eg kjøpe maskin hos ein annan leverandør og levere rekninga til fylkeskommunen?"
Nei, for å få subsidiert maskin må du nytte vår avtale med Atea, og deira nettbutikk.

"Kan eg kjøpe maskin ein annan stad og få utbetalt pengane?"
Beklagar, det kan du ikkje. For å få subsidiert (delvis betalt av fylkeskommunen) datamaskin må du nytte deg av avtalen med vår leverandør Atea. 

"Kan eg bestille ei anna maskin hos Atea?"
Nei, for å få subsidiert maskin kan du berre velgje mellom dei modellane som står i tilbodet og i nettbutikken. 

Kjøp på avbetaling

Du kan kjøpe grunnmodellen i ordninga på avbetaling over tre år. Då betalar du det du får i utstyrsstipend kvart år. Du betalar første avdrag ved bestilling på nettet og får faktura på dei to siste avdraga. Avdrag nummer to vert fakturert hausten 2020, og avdrag nummer tre vert fakturert hausten 2021. For å nytte avbetalingsordninga må ein føresett inngå avtalen. Skuleåret 2019–20 er lågaste sats for utstyrsstipend frå Lånekassen 1051 kroner.

For å nytte avbetalingsordninga må ein myndig person godkjenne avbetalingsavtalen. 

Om eleven er myndig, kan ho/han godkjenne avtalen sjølv. Elles må ein føresett godkjenne den. Godkjenninga vert gjort etter at bestillinga er gjort i nettbutikken og opplysningane til den som skal godkjenne er lagt inn i der. Den som skal signere, får ein e-post med lenkje til ei digital signering av avbetalingsavtalen. Ved å velje avbetaling som betalingsform plikter føresett/elev å betale tilsendte fakturaer sjølv om eleven går ut i lære etter Vg1 eller Vg2, eller bryt opplæringsløpet sitt.

Dersom du kjøper den kraftige modellen, kan du ikkje nytte avbetalingsordninga.

Viktig om val av maskin

Grunnmodellen kan nyttast på alle utdanningsprogramma (om ikkje anna er avtalt med skulen) og høver godt til dagleg skulebruk. Ta kontakt med skulen om du er i tvil om kva du bør kjøpe.

PC eller Mac?

På fleire av utdanningsprogramma vert det nytta programvare som berre fungerer med Windows (sjå under). For mange elevar vil PC difor vere det beste alternativet. Dersom du likevel ynskjer å bruke Mac på desse utdanningsprogramma, vil du måtte skaffe deg ein Windows-lisens i tillegg, slik at du kan køyre desse programma i Windows på Mac (dual-boot). Det finst også programvare som kan køyre Windows i ei virtuell maskin. Det er ikkje mogleg å kjøpe Mac gjennom ordninga. Ynskjer du Mac, må du kjøpe denne ein annan stad.

Utdanningsprogram der Windows er naudsynt: Teknikk og industriell produksjon, Byggfag og Elektro.

Har du lese- og skrivevanskar? Nokre program, som LingDys, Textpilot o.l., er berre laga for Windows. Brukar du desse programma, lyt du ha Windows. Det finst også programvare laga for bruk på Mac OS (Lingpilot, IntoWords).

Medium og kommunikasjon: Skal du gå medium og kommunikasjon bør du kontakte skulen du har søkt ved før du bestiller. Skulen har råd om kva for modell som er best eigna til elevar ved medium og kommunikasjon. Dersom du er usikker på om du kjem inn på dette tilbodet kan du tinge elev-pc, og avbestille undervegs. Betalinga vert då refundert til kontoen som vart nytta ved kjøpet.

Kontaktinformasjon

Spørsmål til fylkeskommunen om ordninga: 915 60 623 (måndag til fredag, 08.00–15.00) eller send e-post til elevpc@sfj.no

Spørsmål til Atea om bestillinga di: 22 09 50 30 eller send e-post til elevpc.sffk@atea.no

Kontakt Atea om service og support: https://www.atea.no/elevpcfelles

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Spørsmål til fylkeskommunen om ordninga: 915 60 623 (måndag til fredag, kl. 08.00–15.00) eller elevpc@sfj.no

Spørsmål til Atea om bestillinga di: 22 09 50 30 eller elevpc.sffk@atea.no

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00