Meiner Sogn og Fjordane er det nynorske grunnfjellet

– Denne rapporten er eit verdfullt dokument som bør inspirere dei styrande i Sogn og Fjordane og som gir nasjonale styresmakter gode innspel i til dømes utdanningspolitikken, sa styreleiar Reidar Sandal i Nynorsk kultursentrum då han overrekte dokumentet til fylkesordførar Åshild Kjelsnes.

Nynorsk kultursentrum har laga rapporten på oppdrag frå Sogn og Fjordane fylkeskommune, og i juni drøftar fylkestinget politikk for nynorsk i fylket.

Små endringar sjølv i vidaregåande skule

Det er første gongen ein så omfattande dokumentasjon er laga for eitt fylke. Rapporten på 100 sider inneheld 57 tabellar med utførlege analysar. «Språkfakta Sogn og Fjordane 1646–2012» er publisert på www.aasentunet.no.

Ein tredel av stoffet i rapporten har ikkje vore publisert før. Størst interesse knyter det seg til tal for bruken av nynorsk og bokmål i vidaregåande skule. På landsplan går halvparten av nynorskbrukarane over til bokmål før dei avsluttar vidaregåande skule. I Sogn og Fjordane gjer berre 10 prosent av elevane dette.

På fleire punkt dokumenterer rapporten tendensar til skilnader mellom indre og ytre strøk, og at det som har vore stabilt til no, kan kome til å endre seg.

– Fylkespolitikarane bør ikkje ta situasjonen anno 2012 for gitt, seier Ottar Grepstad.

Bør bli lytta til av sentrale styresmakter

Sogn og Fjordane har ein så særmerkt språkleg posisjon at fylkeskommunen har god grunn til å be om å vere representert og bli teken med på råd i viktige forum der nasjonal og regional politikk blir drøfta som kan få følgjer for språkleg praksis, skriv jølstringen Ottar Grepstad i rapporten.

Utvalde språkfakta (prosent)

  Sogn og Fjordane Vestlandet Noreg
Kommunar med nynorsk tenestemål 100 76 26
Kyrkjesokn med nynorsk liturgi 99 75 30
Nynorskelevar i grunnskulen 97 42 13
Nynorskelevar i vidaregåande skule 86 23 6
Vernepliktige som skriv nynorsk 82 22 7
Bustad medlemer i Noregs Mållag 7 51 100
Bustad medlemer Noregs Ungdomsslag 9 45 100
"Alle bør lære både nynorsk og bokmål" 58 35 27
"VG og Dagbladet bør bruke meir nynorsk" 73 44 29

Vestlandet er fylka Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal

 

Rapport

Språkfakta Sogn og Fjordane 1646-2012"

For meir informasjon

Direktør Ottar Grepstad, tlf. 906 16 727
Fylkeskulturdirektør Ingebjørg Erikstad, tlf. 415 30 941
Kommunikasjonsrådgivar Laila Walseth Lid, tlf. 70 04 75 82 eller 958 70 569

Del dette:

Relaterte lenker