Medieelevar nye aktørar på fylkesmønstringa

Til helga – 18. og 19. april – brakar det laust i Førdehuset når ungdom frå heile fylket skal delta på UKM fylkesmønstring. Ungdommane får høve til å vise seg fram innan ulike kunst- og kulturuttrykk. Nytt i år er at ein heil medieklasse deltek med fotooppdrag under mønstringa.

Om lag 240 ungdommar frå Sogn og Fjordane skal delta på fylkesmønstringa i år. Målet er å ha det gøy, lære nye ting og møte andre som likar eller ikkje likar det same som ein sjølv. UKM er eit sosialt arrangement, der deltakarane kan vere i Førdehuset heile helga.

Ei variert og mangfaldig helg

Førde kommune er teknisk arrangør på vegner av Sogn og Fjordane fylkeskommune. Dei lovar eit variert program med utstilling og framsyningar for publikum og mellom anna ulike workshops for deltakarane.

I år, som tidlegare år, vert det stor breidde i utstillinga og sceneframsyningane.

– Det vert storveges og må opplevast, seier kulturleiar i Førde kommune Johan Bengtsson.

Deltek med arbeid innan media

Førsteklassen på medium og kommunikasjon ved Hafstad vidaregåande skule får i år sjansen til å både arbeide og delta på fylkesmønstringa. Medieklassen skal fotografere kunstutstillinga og alle framsyningar på scena i Førdehuset. I tillegg har dei andre oppgåver kring UKM, mellom anna å drive med informasjonsarbeid.

Klassen ser på dette som ei god moglegheit til å utvikle ferdigheiter innan mediearbeid. Elevane meiner det er positivt at arbeidet blir gjort av ungdom, ettersom mønstringa er for nettopp ungdom.

I tillegg skal elevar ved medium og kommunikasjon ved Sogndal vidaregåande skule lage fleirkameraproduksjon under mønstringa.

Johan Bengtsson tykkjer det er svært bra for fylkesmønstringa at dei har fått til eit samarbeid med medielinene ved Hafstad vidaregåande skule og Sogndal vidaregåande skule.

UKM 30 år

UKM feirar 30 år i 2015. Sogn og Fjordane har vore med sidan starten, og jubileet vert markert under fylkesmønstringa, fortel Bengtsson.

– Leiaren for hovudutvalet for kultur, Nils Gjerland, opnar arrangementet, og kanskje får vi nokre overraskingar undervegs i framsyningane. Det er berre for publikum å følgje med, oppmodar han.

Inngangsbillett per framsyning er 50 kr for born og 100 kr for vaksne. Festivalpasset, som inkluderer fire framsyningar, kostar 125 kr for barn og 250 kr for vaksne. Utstillinga er gratis.

Kontaktpersonar

Johan Bengtsson
kulturleiar i Førde kommune
tlf. 971 21 400

Eva Kristin Svidal
rådgjevar Sogn og Fjordane fylkeskommune
tlf. 911 696 93
e-post eva.kristin.svidal@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00