Medieelevar fekk pris for arbeid mot ruskøyring

Medieelevane i 3MK ved Mo og Jølster vidaregåande skule sikra seg denne veka andreplassen i den årlege konkurransen Death Trip. Elevar frå heile landet konkurrerer der om å lage den beste haldningskampanjen mot ruskøyring.

Medieelevane frå Mo og Jølster var einaste deltakarane frå Sogn og Fjordane. Heile klassen har delteke i kampanjen, men det var elevane Mariell og Helene som fekk gleda av å delta på sjølve prisutdelinga i Filmens Hus i Oslo 6. mai. Der presenterte dei kampanjen sin framfor dommarar og ein fullsett sal med publikum og andre deltakarar.

Medielinja har delteke i Death Trip i fleire år, men årets andreplass er den høgste plasseringa så langt. Medielærar Anne Brit Sande har jobba med Death Trip-bidrag ved skulen i fleire år no og er stolt over at årets elevar hevda seg så godt i konkurransen.

Dommarane let vel over ein heilskapleg kampanje med fleire gode produkt og to flotte filmar – ein reklamefilm og ein informasjonsfilm. Mariell og Helene fekk også positiv merksemd av arrangørane for å vere kledde i same farge som profilen til kampanjen. Elevane har gjennom arbeidet med kampanjen sett søkjelys på det å vere ansvarsfull bak rattet, noko som er spesielt aktuelt no midt i russetida.

Med andreplassen sikra elevane seg 10 000 kroner.

Sjå kampanjen til 3MK på nettstaden deira.

Meir om Death Trip på nettstaden til konkurransen.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00