Monument ved Gulatinget tusenårsplass
Monument ved Gulatinget tusenårsplass

Gulen er ein av språkkommunane i satsinga til Utdanningsdirektoratet. Foto: Asbjørn Ness/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Med som språkkommunar

Utdanningsdirektoratet har valt ut 27 kommunar som blir språkkommunar, og blant dei er fleire frå vårt fylke.

I alt søkte 48 kommunar og fire fylkeskommunar om å bli med på satsinga, og i vårt fylke er Fjaler, Gulen, Hyllestad og Sogn og Fjordane fylkeskommune valt ut.

Eid kommune søkte også, men vart ikkje tildelt plass i denne omgang. Det er Dale vidaregåande skule og Eid vidaregåande skule som vert med i satsinga i fyrste omgang i fylkeskommunen.

Regjeringa ønskjer å rette innsatsen mot kommunar og fylkeskommunar som ser at dei har utfordringar innanfor områda språk, lesing og  skriving. Språkkommunane blir viktige for å få ei helskapleg satsing på språk, lesing og skriving frå borna byrjar i barnehagen til dei går ut av vidaregåande opplæring

Språkkommunar får eit økonomisk tilskot som skal brukast til å etablere og drifte lokale og lærande nettverk innanfor områda språk, lesing og skriving.

Meir informasjon om språkkommunar finn du på Utdanningsdirektoratet si heimeside.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00