Fleire cruiseskip på fjorden
Fleire cruiseskip på fjorden

Med på cruisestrategi

Fylkeskommunen sluttar seg til felles cruisestrategi for Vestlandsregionen. Målet er ein berekraftig utvikling av cruiseturismen.

Fylkesutvalet vedtok 1. juni at fylkeskommunen sluttar seg til strategien, som er felles for Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Vestlandsrådet starta 5. desember 2014 arbeidet med ein felles strategi.

Berekraftig turisme

Cruisestrategien skal løfte fram relevante utfordringar for den forventa veksten av cruiseturismen i Vestlandsregionen. Målsettinga i strategien formulerast i følgjande problemstilling:

«I kva grad og på kva måte kan aktørane i regionen og det offentlege verkemiddelapparatet saman medverke til at cruiseturismen utviklar seg på ein økonomisk og miljømessig berekraftig måte og gir auka landbasert verdiskaping og lønsemd ?»

Blant verkemidla som blir etterspurde er betre regionalt og nasjonalt samarbeid.  

Cruisestrategi for Vestlandsregionen 2016 – 2020

Reiselivsstrategi

For å nå måla ber fylkesutvalet og i vedtaket om at det vert utarbeidd ein handlingsplan for iverksetting av tiltak. Cruisestrategien er meint å vere ein del av den overordna reiselivsstrategien for heile Vestlandsregionen som igjen er ein del av den regionale næringsutviklinga i denne regionen.

Strategidokumentet vart i mars sendt ut på høyring til ei rekkje organisasjonar, bedrifter og offentlege etatar.  Det skal etter politisk handsaming i fylka vidare til Vestlandsrådet.

Sakspapir frå møte i fylkesutvalet 1. juni 2016

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00