Med blikk for Sogn og Fjordane

Bjørn Falck Russenes (65) seier takk for seg etter meir enn 33 år som fylkesgeolog. Kartlegging og kommersialisering av mineralressursar har vore hovudoppgåva hans gjennom eit langt arbeidsliv i fylkeskommunen si teneste. Russenes har sett spor etter seg i landskapet i Sogn og Fjordane.

Få andre har hatt same blikk for Sogn og Fjordane som Bjørn Falck Russenes. Denne mannen ser gull der folk flest ser gråstein.

Ein kort biltur i Russenes sitt selskap artar seg som ei reise gjennom fylket si tidlegaste historie. Småpraten spring innom danninga av geologiske formasjonar, meteorittregnet etter siste istid, lokale variantar av ulike steinslag og korleis dei har blitt utnytta opp gjennom historia.

Verdiskaping og busetnad

Poenget i historiene er gjerne korleis mineralressursane har – eller kan - bidra til verdiskaping, arbeidsplassar og busetnad:

Etablering og drift av storskala pukkverk er tiltak etter fylkesgeologen sitt hjarte. Tallause rapportar med ressursrekneskap over førekomstar av pukk, sand og grus og utsiktene til eksportinntekter har blitt utarbeidd på skrivebordet hans opp gjennom åra.

Fagleg tyngde

Her kunne den røslege karen bretta opp ermane og verkeleg trø til med fagleg tyngde i rolla som talsmann for godheten i prosjekta. Innsatsen, både i terrenget, bak skrivebordet og i politiske sirklar, har resultert i fleire gruveanlegg, dei fleste langs kysten. Ingen kan nekta for at Russenes har sett varige spor etter seg i landskapet.

Å få i gang kommersiell utvinning kan vera ein lang prosess. Rutil-førekomsten i Engebøfjellet er eit resultat av leitinga etter tunge bergartar. Etter 30 års innsats, medrekna tallause timar til lobbyverksemd, er omsider konsekvensanalysen av kommersialiseringsplanen sendt ut på høyring. Går det som Russenes håpar og trur, vert det arbeid til 170 personar på Engebø.

Eklogitt og flammegneis

Fagkunnskapen har bidrege til å sikra eklogitt som fylkesstein i Sogn og Fjordane. Steinen finnes over heile Vestlandet, men Sogn og Fjordane var først ute med å krevja ”eigedomsretten”, forklarar Russens.

Flammegneis er Leikanger sitt geologiske kjenneteikn, og verdfull nok til større merksemd enn i dag, meinar den avtroppande geologen.

Den seinare tida har han ivra for gassilandføring til Lutelandet og til Sløvåg. CO2 i retur frå gasskraftanlegget på Mongstad kan inngå som innsatsfaktor til utnytting av anortositt frå Gudvangen. Bergarten kan nyttast til framstilling av aluminium, og bind CO2 i prosessen.

- Offshoreretta aktivitetar er eit område fylkeskommunen bør styrka innsatsen i åra som kjem, seier han.

Naturkrefter

Å sikra menneskeleg kontroll over naturkreftene er eit arbeidsområde som har fått auka merksemd dei seinare åra. Gjennom fjellskredprosjektet er det etablert målepunkt på 16 ulike stadar i fylket. Røyrslene i fjellgrunnen vert registrerte ved hjelp av GPS-teknologi. Sjølv etter berre tre år er det einskilde stadar registrert synlege endringar i terrenget.

- Målingane har skjedd over såpass kort tid at det er uråd å seia kva konsekvensar endringane kan få. At dei må følgjast opp, er sikkert. Særleg i Stampa-området i Aurland er det viktig å halda auga med utviklinga, slår Russenes fast.

Fire søyler

Sjølv hevdar Russenes at han har bygd sitt offentlege liv på fire søyler: jobben, fagforeininga, politikken og rutebilhistorien.

Nokon vil kan hende sjå det ironiske i at ein mann som vart tilsett på grunnlag av eit benkeframlegg frå Arbeidarpartiet kom til å sitja seks år som leiar i Leikanger Høgre. At han som leiar for Sogn og Fjordane avdeling av NIF (no Tekna) mottok fleire prisar for veldrive lag, vitnar om kor mangesidig denne mannen eigentleg er.

Fordel å vera bergensar

- Skal du få til noko i Sogn og Fjordane, nyttar det ikkje å vera beskjeden, oppsummerer han erfaringa frå eit lang yrkesliv. På mange måtar har det vore ein fordel å vera bergensar. Ein annan fordel med å ha vakse opp sørafor fylkesgrensa er statusen som nøytral partnar i ein del lokale diskusjonar.

No set pensjonisten kursen tilbake til Bergen og den nyoppussa barndomsheimen der hans ”nygifte” kone har venta tålmodig i tre år på at helgependlaren skal slå seg til ro. Hytta i Førdepollen på Sotra vil også verta meir nytta.

Om han heilt klarar å leggja geologien bak seg, tvilar han på. Lidenskapen framover vil nok likevel verta konsentrert om gamle rutebilar, æresmedlemskapen i Norsk Rutebilhistorisk Foreining, og redaktørvervet i bladet ”Rutebil”.

Del dette:

Relaterte lenker