Matfest i by'dn

Lefser, plommer, reinsdyrfilet, honning, røykjelaks og heimelaga ost… Under Bergen Matfestival i helga bugna det av freistande råvarer hausta og tillaga med kjærleik på gardane rundtom på Vestlandet. Eit 30-tals produsentar hadde teke turen frå Fjordafylket.

Matfestival er eit namn som berre fortel halve sanninga: Rettare er det å seia at eg laurdag var på matfest på Bryggen i Bergen. Noko meir dekkjande ord på opplevinga finn eg ikkje …for det meste freista, og alt fekk eg lov til å smaka.

Dei mange produsentane frå fylket var mellom dei første som møtte publikum, strategisk samla som dei var på bysida av Bryggen.

Trassa ausregnet

Dei som hadde teke turen ut i ausregnet – og det var mange - kunna gleda seg over tradisjonell gardsmat i smakfullt selskap med innovative nyskapingar basert på kjende og kjære lokale råvarer.

Røykjelaks smaksett med ramslaukpure og innbakt i ørtynne lefser. Pære- og eplechips. Eit overraskande breidt utval av ostar, både muggostar og ostar av det faste slaget. Eit tilbod som ikkje stod tilbake for det dei mest eksklusive ostebutikkane i internasjonale metropolar kan varta opp med.

Var det nokon frå Framstegspartiet her, er det god von om at sjølv dei kunna smaka seg til kvifor lokalprodusert mat nødvendigvis må kosta meir enn ferdigprodukta som er oppvaksne i kjøledisken på Rimi.

Honning er ikkje berre honning…

Mellom dei som treivst som fisken i vatnet var Jan Lars Nesje og kona Ragnhild Svardal Nesje i Breheimen Naturprodukt i Stryn. Du trong ikkje spørja eingong, før du fekk innføring i skilnaden mellom lynghonning, sommarhonning, blomsterhonning og den eksklusive, milde lindhonningen som det berre er grunnlag for å laga einskilde år. …og så kunne du sjølv smaka skilnaden.

Å flytta rundt på 67 bikubar i Stryn, omeignkommunane og utpå kysten, slik at dei til eikvar tid står der honningen vil få best smak, er bokstaveleg talt ein bijobb for paret.

I tillegg til eigenproduserte honningprodukt og hjortekjøt har dei utvida vareutvalet med produkt som eplegele, hjortekarbonadar og reinsdyrpølse, laga av tre andre småskalaprodusentar i nærmiljøet. Resultatet er eit produktspekter som går rett heim hos dei mange cruise-passasjerane som er innom Stryn i løpet av sommaren.

Det som framleis måtte vera att i spiskammerset sel dei på messer liknande denne i Lillehammer og Ålesund. På messene har folk betre tid, så her er varespekteret vesentleg breiare.

Eit herremåltid

Sjølv dei mest blaserte gourmetar ville ha lata seg freista av utvalet på Bergen Matfestival. Sjølv endte eg opp med å tilbereda eit herremåltid som ville fått den mest matleie Michelin-kritikaren til å sjå stjerner:

Tenk deg ein passeleg entrecote av reindyr frå Aurland. La kjøtet godtgjera seg i to timar i lindhonning frå Stryn. Steik over sterk varme til brun ytterside, skru ned varmen og smak til med einebær frå Sotra. Ta av varmen når passe steikt. Mens kjøtet kviler steikjer du opp ein dugeleg porsjon kantarellar. Kok ut panna med fløyte og resten av marinaden.

Plommer frå Leikanger eller pærechips frå Hardanger høver til dessert, gjerne med følgje av økologisk vaniljeis og lefse frå Hjåen AS.

Til ettertanke

Med så mykje lokalproduserte råvarer - kvifor måtte eg gå omvegen om Meny for å få fatt i kantarellene? Godsakene fargar då visstnok liene gylne, både i Balestrand og i Luster no om dagen…

Del dette:

Relaterte lenker