Marknadsundersøking

Dette er ein veldig viktig fase av innkjøpet og kan være heilt avgjerande for at konkurransen er vellukka og at ein får det ein vil ha til dei pengane ein har.

Måter å undersøke marknaden på:

- snakk med fagpersonar i eigen verksemd eller i andre kommunar

- gå på messer (dette er gjerne eit kontinuerleg arbeid)

- snakk med leverandørane. MERK: alle leverandørane må få same spørsmål og same informasjon frå dykk, slik at det ikkje vert konkurransevridande. Ta gjerne referat som du kan leggje ved saka. Du må passe på at du i etterkant ikkje skreddarsyr kravspesifikasjonen til å passe ein tilbydar.

Kva bør du finne ut:

- finn ut kva leverandørar som finst. I fylket vårt er utfordringa å få med så mange lokale leverandørar som mogleg i konkurransen.

- finn ut korleis leverandørane arbeider og kva dei kan levere, slik at du i konkurransegrunnlaget ikkje låser leverandørane til noko dei ikkje kan levere, eller noko som er utdatert.

- treng moglege tilbydarar (felles) rettleiing i korleis ein gjer eit tilbod.? Finnes det leverandørar som ikkje naturleg søker på Doffin? - da bør dei og verte informert.

- finn ut kor store leverandørane er og korleis økonomien deira er på til dømes proff.no. Kva er gjengs i marknaden? Dette har noko å seie for korleis du bør lyse ut konkurransen, og kva du kan forvente deg av svar.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut