Marknad

Fylkeskommunen kjøper rutetenester for nær 500 mill. kr på buss og båt. Inntektene utgjer omlag  180 mill. kr. Fylkeskommunen sit dermed att med ein nettokostnad på rutekjøp på noko over 300 mill. kr. I tillegg har fylkeskommunen kostnader knytt til drift og administrasjon av rutene, slik som t.d. rutebilstasjonar, billetteringsutstyr og administrasjon.

I hovudsak er det snøggbåtrutene til og frå Bergen og regionalruter til/frå regionsentra som gir billettinntekter. I tillegg er billettinntektene frå skuleskyssen ei viktig inntektskjelde. Dei fleste andre ruter har moderate billettinntekter.

Når ein vurderer marknaden er det viktig å sjå heilskapen. Ei tilførselsrute kan isolert sett sjå dårleg ut. Dersom ein tek med at ruta tek dei reisande inn på andre og lengre ruter vert biletet eit anna. På same måte kan mange kveldsruter ut frå eit regionsenter ha avgrensa belegg, men slike ruter aukar det samla tilbodet slik at fleire kan gjere seg nytte av det. 

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Ansvarleg eining

Samferdsleavdelinga

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00