Foto av Tor Mjelstad i raud gensar, Elisabeth Tonheim i blå gensar og Jørn Holme i blå gensar og grå blazer. Dei smiler, og Tonheim held ein plakett, som det står freda på, mot kameraet.
Foto av Tor Mjelstad i raud gensar, Elisabeth Tonheim i blå gensar og Jørn Holme i blå gensar og grå blazer. Dei smiler, og Tonheim held ein plakett, som det står freda på, mot kameraet.

Eigarane av Heimdalstrand, Tor Mjelstad og Elisabeth Tonheim, saman med riksantikvar Jørn Holme. Foto: Marta Kvikne

Markerte fredinga av Heimdalstrand

Om lag 100 personar fann vegen til kunstnarbustaden Heimdalstrand søndag 10. september for å delta på fredingsmarkeringa. Dei fekk sjå det restaurerte huset og høyre historia knytt til det.

Riksantikvar Jørn Holme deltok på markeringa og trekte i talen sin fram kvinnehistoria Heimdalstrand representerer. Huset vart bygd i 1910 og var sommarhus og arbeidsstad for kunstnar Emma Normann Pastor og seinare også dottera Helga Normann, som også var biletkunstnar. Heimdalstrand er eit hus der kvinnene har rådd, og det står som eit minnesmerke over liva deira.

Stor innsats med istandsetjing

Riksantikvaren la også vekt på den store innsatsen Elisabeth Tonheim og Tor Mjelstad har lagt ned for å setje huset i stand etter at dei overtok det i 2015. Tonheim fortalde sjølv om restaureringsarbeidet, og om kva planar dei har for huset framover.

Ho og Mjelstad har lagt ned eit stort arbeid på eigedomen dei siste åra, og på markeringa viste dei fram eit hus som no er på veg tilbake til den opphavlege utsjånaden sin.

Imponerande arbeid

– Vi er imponerte over kor langt istandsetjinga av eigedomen har kome på den korte tida Tonheim og Mjelstad har eigd bygget, og vi er glade for det gode samarbeidet vi har med dei, sa fylkeskonservator Eva Moberg.

Ho gav eit innblikk i historia om både Heimdalstrand og Emma og Helga Normann. Moberg fortalde også om kvifor kunstnarbustaden vart freda, og kva kulturhistoriske verdiar eigedomen representerer.

Fredingsmarkeringa var eit samarbeid mellom Riksantikvaren, fylkeskommunen og Balestrand kommune og vart leia av nestleiar i hovudutval for næring og kultur, Jakob André Sandal. Ordførar i Balestrand Harald Norvald Offerdal deltok med ei helsing frå kommunen.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00