Marint verdiskapingsfond

Marint verdiskapingsfond har midlar som primært skal nyttast til delfinansiering av utviklingsprosjekt som skal legge til rette for ei meir berekraftig utvikling av akvakulturnæringa i fylket. Sekundært kan fondet vurdere tiltak som kan auke marin verdiskaping.

900 000 kroner til gode utviklingsprosjekt

No kan du søkje midlar frå Marint verdiskapingsfond Sogn og Fjordane. Fondet tek i mot søknadar om delfinansiering av prosjekt som kan bidra til ei berekraftig utvikling av akvakulturnæringa i fylket.

Om Marint verdiskapingsfond

Fondet vart oppretta i 2010 og er finansiert av midlar som vart overførte frå staten i samband med konsesjonstildelinga for nye løyve til akvakultur i 2009. Fondet var i utgangspunktet på 11 millionar kroner. Vi deler ut totalt i overkant av 900 000 kroner til delfinansiering av gode utviklingsprosjekt i 2019.

Kva kan fondet finansiere?

Marint verdiskapingsfond har midlar til delfinansiering av utviklingsprosjekt som skal bidra til å legge til rette for ei meir berekraftig utvikling av akvakulturnæringa i fylket.

Sekundært kan fondet også vurdere tiltak som kan bidra til å auke den marine verdiskapinga.

Tilskotet frå Marint verdiskapingsfond Sogn og Fjordane skal som hovudregel utgjere maksimalt 50 prosent av det samla kapitalbehovet for prosjektet. Både eigeninnsats og kapital må synleggjerast som eigenfinansiering.

Her kan du lese vedtektene for marint verdiskapingsfond i Sogn og Fjordane.

Kven kan søke?

Søkjarar kan vere kommunar, næringsorganisasjonar eller næringsaktørar. Forpliktande samarbeid med andre aktørar vil styrkje søknaden. Utviklingsprosjektet må ha ei forankring i problemstillingar som er relevante for akvakulturnæringa i fylket, og ha ei hovudtyngd på aktørar i Sogn og Fjordane.

Krav om geografisk forankring i fylket

Tiltak og prosjekt som får støtte skal ha ei klar forankring i Sogn og Fjordane, og bidra til ei berekraftig forvalting og/eller auka lokal verdiskaping.

Søknadsfrist er 20. august 2019

Det skal søkjast gjennom regionalforvaltning.no. Under "målsetting for prosjektet" ynskjer vi at du legg vekt på å formulere konkrete mål som kan målast og etterprøvast. Ufullstendige søknadar vert ikkje handsama.

I evalueringsmalen her finn du kva kriterium vi legg vekt på når vi vurderer søknadar.

Kontakt

Lena Søderholm
Marin fagkoordinator
lena.soderholm@sfj.no
970 35 449

Elisabeth Aune
Seniorrådgjevar
elisabeth.aune@sfj.no
952 76 339

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Lena Søderholm
Fagkoordinator
lena.soderholm@sfj.no
970 35 449

Elisabeth Aune
Seniorrådgjevar
elisabeth.aune@sfj.no
952 76 339