Foto av fire personar som står og lenar seg mot eit rekkverk på eit oppdrettsanlegg. Dei har redningsvestar, det er blå himmel og sol.

Foto: Harald Grotle

Marint rekrutterings- og kompetansehevingsfond (MAREKO)

Sogn og Fjordane fylkeskommune lyser ut midlar frå  MAREKO (Marint rekrutterings- og kompetansehevingsfond), med søknadsfrist 1. september 2019. 

UTLYSING VÅREN 2019 MAREKO

Utlysing av fondsmidlar i MAREKO (Marint rekrutterings- og kompetansehevingsfond)

Sogn og Fjordane fylkeskommune lyser ut midlar frå  MAREKO (Marint rekrutterings- og kompetansehevingsfond), med søknadsfrist 1. september 2019. Storleiken på fondet vil variere frå år til år, men minimum årleg inntekt for fondet er kr. 2 mill. Av dette skal minimum 30 % nyttast til nytt opplæringsfartøy ved Måløy vidaregåande skule.

Fondet er etablert på grunnlag av leigeinntekter frå  undervisningskonsesjonen til Måløy vidaregåande skule.

Målsetjing med fondet

Det overordna føremålet med fondet er å bidra til rekrutteringa til akvakulturnæringa. Dette skal skje gjennom å auke attraktivitet for vidaregåande opplæring i akvakultur og anna vidaregåande opplæring som støttar denne næringa sitt behov for fagkompetanse.

Midlane frå fondet skal nyttast til marine rekrutterings- og utviklingstiltak, hovudsakleg innan akvakultursektoren. Vilkåra for fondet finn du her.

Tiltak og prosjekt som får støtte frå fondet skal ha ei klar forankring i dagens Sogn og Fjordane. Dei skal også vere i tråd med hovudmåla i regional plan for verdiskaping i Sogn og Fjordane (Verdiskapingsplanen).

Kven kan søkje:

I utgangspunktet kan alle med gode tiltak som kan stø opp under måla i årsplanen under program 1 «Kompetanse og rekruttering i sjømatnæringane» søkje.

Årsplanen for 2019 – Sjømatnæringane  finn du her.

Det er eit krav at den som søkjer skal ha org.nr.

Kva kan fondet finansiera?

Tiltak som er i tråd med måla innan Rekruttering og kompetanseheving som ligg i Årsplanen for 2019-Sjømatnæringane (sjå lenke over).

Tiltaket bør vere langsiktig, dvs. ha ein tidshorisont på meir enn eitt år.

Vi ser det som ynskjeleg å knytte næringsliv, FoU-institusjonar og skule tettare saman i opplæringa og ynskjer også søknadar som bidreg til dette.

Om søknaden

  • Søknaden må ha ei forankring i måla i Verdiskapingsplanen gjennom årsplanen for 2019-Sjømatnæringane
  • Søknad skal ha klare, konkrete mål og gjennomføring må vere tydeleg forklart
  • Det må ligge føre budsjettoverslag og finansieringsplan for tiltaket
  • Hovudregel er ein eigendel på 50 %, men dette kan avvikast. Eigeninnsats kan reknast som eigendel. Timesats eigeninnsats er kr. 600/time.
  • Tiltaket må vere i tråd med læreplanane for opplæringstilbodet, men gjerne tilføre nye element

Send søknad til:

Du må levere søknaden gjennom www.regionalforvaltning.no. Søk opp Sogn og Fjordane i menyen til høgre og i lista som kjem opp finn du MAREKO. Skriv inn søknaden din der. Legg gjerne med vedlegg, då malen kan stå fram som ei minimumsløysing.

 

Frist: 1. september 2019.

 

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Lena Søderholm
fagkoordinator
​lena.soderholm@sfj.no
970 35 449