To menn mottar fagbrev på ei scene .
To menn mottar fagbrev på ei scene .

Håkon Svoen og Ole Andrè Nedrebø fekk tildelt fagbrev i det nye byggdriftarfaget, her med distriktssekretær i LO Nils Petter Støyva. Foto: Ole Johnny Devik

Mange nye fag- og sveinebrev

Det var utdeling av fag- og sveinebrev i Loen i helga, og rekordmange opplede stolte augneblink.

Det var stil over utdelinga, med dresskledde karar og kvinner i flotte kjolar, bunadar og andre festdrakter å sjå denne festkvelden i Loen.

Nytt byggdriftarfag

Det vart for første gong delt ut fagbrev i byggdriftarfaget. Ein vaktmeister/byggdriftar eller driftsoperatør, driftar og vedlikeheld lokale, inventar og utstyr i eit bygg. Vaktmeisteren/byggdriftaren tek seg av mindre reparasjoner, medan fagfolk tek seg av større problem ved bygningane. Byggdriftaren skal ha systemforståelse, det vil sei kompetanse på å forstå andre fagarbeidarar sine fag, ikkje kompetanse på å utøve faga.

Håkon Svoen og Ole Andrè Nedrebø tok begge i mot fagbrev i det nye faget og Håkon Svoen seier følgjande om kvifor han valgte faget og kvifor det er viktig med ei felles fagbrevutdeling i fylket:

– Eg valgte å ta fagbrev i byggdriftarfaget grunna at det er eit nytt spennande fag og for å formalisere utdanninga mi. Eg har bruk for fagbrevet og utdanninga i jobben min og det er viktig for meg å vere med å heve statusen i det nye byggdriftarfaget ved å sjølv ta fagbrev. Tidligare heitte faget vaktmeisterfaget men etter kvart har drift og vedlikehold av bygningar vorte meir teknisk og avansert samstundes som det krev meir kompetanse frå den som skal utføre jobben. Eg er difor veldig glad for at det no er eige fagbrev for byggdriftarfaget.

Eg tykkjer det er bra og viktig at vi har ei felles fagbrevutdeling i fylket. For meg var det stor stas å få ta imot fagbrevet mitt saman med alle dei andre som har teke ei  fagutdanning. Å ta fagbrev er ei stor kompetanseheving for den einskilde og for bransjane som er viktig å markere for å bevare fagstatus og det er difor viktig å ha ei verdig, høgtidlig  og minnerik markering der ein vert gjort stas på. Det er viktig at fylkeskommunen prioriterer dette også framover.

Mottakar av sitt 3. fagbrev

Fotograf for årets utdeling er Ole Johnny Devik. Til dagleg er han tilsett som lærar i Media og kommunikasjon ved Hafstad vidaregåande skule. Han er og mottakar av fagbrev i år og tek i mot sitt 3. fagbrev – denne gongen innan IKT-driftsfaget. Han har frå tidlegare fagbrev både som mediegrafikar og som fotograf.

–  Eg fekk høve til å ta fagbrevet saman med vener som skulle ta sitt 1. fagbrev. Det å ta fagbrev som del av eit sosialt felleskap er veldig motiverande og er med å skape ein felles kultur.

Eg er stolt av fagbakgrunnen min og har ein variert yrkespraksis innan mange overlappande felt. Det å kunne vise formelt at eg kan det eg sjølv meiner eg kan, er veldig givande. Ved å ha fagbrev så kan ein vise til kunden at ein har kompetanse innan fagfeltet. Det er også ein fin måte å vise til omverda at ein har gjennomført noko. Innan høgare utdanning ville ein arbeidd mot bachelor eller master. Det er flott at det finst vegar også innan yrkesfaga.

Med fagbrevutdelinga er fylkeskommunen med på å løfte fram dei fagutdanna og gi dei offentleg merksemd. Det vert sagt at fagarbeidarane er ein viktig del av yrkeslivet i fylket, og utan dei ville mykje stoppe opp. Det at fylkeskommunen tek seg tid til å gi dei merksemd etter mange år med hardt arbeid både i teori og praksis, synes eg er viktig. Eg har vore på alle utdelingane og har hatt same grad av forventning til det å få utdelt fagbrevet kvar gang. Eg har også møtt mange, både unge og eldre som har møtt opp for å ta del i utdelinga. Det er mykje glede på ein slik dag, uansett om det er det første eller tredje fagbrevet. Eg meiner det er viktig at fylket held fram med denne tradisjonen, spesielt her i fylket der det har vist seg å vere mange som tek fagbrev. Det er ei verdig avrunding på mange år med læringsarbeid, sa Devik.

Fokus på svart arbeid

Tor-Einar Holvik Skinlo var festleiar for kvelden.

I sin tale la fylkesordørar Jenny Følling stor vekt på nødvendigheten av og behovet for fagfolk i fylket. Ho var og oppteken av stoltheit til eige fag.

Både Jan Atle Stang frå NHO og Nils P. Støyva frå LO sette fokus på problemstillingar knytt til svart arbeid og svart økonomi. Dette er eit satsingsområde både på fylkes- og landsbasis og svart arbeid stel store summar kvart år – summar som kunne vore nytta til beste for samfunnet.

Om utdelinga

  • I år var 684 fagarbeidarar inviterte til fag- og sveinebrevutdelinga. Det er fagopplæringsnemnda i Sogn og Fjordane som sidan 1981 har delt ut fag- og sveinebrev. Frå 2003 har dei òg delt ut meisterbrev på vegne av Meisterbrevnemnda.
  • 471 har vore lærlingar, 209 praksiskandidatar og 4 elevar i skule. Det er 199 kvinner og 485 menn som har teke fag- eller sveineprøve siste året. Til saman representerer dei  ulike fag. I dei store faga, barne- og ungdomsarbeidar-, tømrar-, helsearbeidar-, industrimekanikar- og elektrikarfaget, har mellom 45 og 65 kandidatar teke fagbrevet i kvart fag.
  • Av dei som har gått opp til fagprøve i 2015, har 22 prosent fått vurderinga «Bestått mykje godt» (BM).
  • Til utdelinga var også dei fem kandidatane som har teke meisterbrev siste året, invitert. Dei representerer tømrar- og  røyrleggjarfaget.
  • Det var ca 190 som tok i mot fagbrevet denne kvelden og totalt deltok rundt 300 personar i arrangementet.

Sjå fleire bilete frå utdelinga her.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut