Malakoff-rockarane tok imot fylkeskulturprisen

Fylkeskulturprisen 2013 går til Malakoff Rockfestival på Eid. 10. desember var Arnt-Ivar Naustdal og Gunn Guddal på plass på Leikanger for å ta imot prisen på 50 000 kroner under møtet i fylkestinget.

Prisen vart delt ut av fylkesordførar Åshild Kjelsnes etter at leiar i hovudutvalet for kultur, Nils Gjerland, heldt tale. Han rosa blant anna festivalarrangørane for aldri å kvile på laurbæra når dei bookar både norske og utanlandske artistar frå øvste hylle.

– Festivalen er stadig på jakt etter nye, spennande og kreative utøvarar, som kan gjere festivalen endå meir attraktiv for målgruppa. Dei har eit vake blikk mot unge nyetablerte artistar, som gjennom Malakoff får ein arena dei kan bruke for å nå ut til eit nytt og større publikum. Dette er musikalsk entreprenørskap av vital betydning, sa Gjerland i talen til prisvinnarane.

Viktig ungdomsinnsats

Malakoff vart starta opp av og for ungdomar i 2003. Det var ungdomar frå Eid som stod bak etableringa, gjennom ei ungdomsbedrift knytt til Eid vidaregåande skule. Organiseringa gjennom ungdomsbedrifter har vore viktig i alle år.

– Malakoff er eit godt døme på kva ungdommeleg innsats har å seie for å utvikle kulturlivet i fylket. Dette var eit viktig poeng å markere ved årets pristildeling, slo Gjerland fast.

Nasjonal merksemd

Festivalen har på rekordtid funne sin plass blant dei etablerte rockefestivalane i landet. Norsk Rockeforbund har fleire gonger kåra Malakoff som årets beste festivalarrangør.

– Malakoff er blitt eit reisemål og har auka kjennskapen til Nordfjordeid i store deler av landet. Festivalen er blitt ein del av omdømet Eid kommune har som kulturstad, sa Gjerland under prisutdelinga.

Lokal forandkring

Han rosa vidare Malakoff for å satse på ungdomen og for å inkludere heile lokalsamfunnet i festivalen. Frå første dag la arrangørane vekt på lokal forankring, og det å utvikle eit godt samarbeid mellom skule, lag og organisasjonar i bygda.

– Lokale krefter og dugnad sikrar at mykje av verdiskapinga knytt til festivalen, vert att i lokalsamfunnet. Det er eit stort engasjement og dugnadsarbeid av alle alders- og yrkesgrupper rundt festivalen, sa Gjerland.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00