Heim/Måløy vidaregåande skule
Drømmeskolen 1

Måløy Vidaregåande Skule søkjer nye elevmentorar for neste skuleår.

Resursgruppa for elevmentorane har denne veka starta jakta på nye elevmentorar.

Resursgruppa som er samansett av Kari , Kjellrun, Anne Grete og Amalie, har denne veka hatt Teamsmøte med ein del av VG1-elevane og noverande mentorar, og skal ha fleire møte framover. Der vil dei noværande mentorane fortelje litt kva det vil seie å vere mentor og korleis dei har opplevd denne oppgåva. Dei fortel og om opplæring i aktivitetane som dei skal gjer i klassene og at det som ein del av denne opplæringa, vil vere ein leir med overnatting på starten av skuleåret. Dei seier det er kjekt å kunne få vere med å påverke miljøet på skulen, og at dei vert betre kjende med andre elevar enn berre dei som dei går i klasse med. Ressursgruppa fortel at dei som er elevmentorar får ein attest som dei kan ha med seg på CV-en sin framover.

Ønskjer du å lese meir om Drømmeskolen?

Sjå nettstaden https://www.vfb.no/produkter-og-tjenester/skoleprogrammer/drommeskolen-2/

Der står det mellom anna:

Drømmeskolen er en modell for å jobbe systematisk med det psykososiale miljøet i ungdoms- og videregående skoler. Målet er å skape et læringsmiljø hvor elevene opplever trygghet og tilhørighet. Der de får brukt ressursene sine og hvor den psykiske helsen til den enkelte elev fremmes.