Må ta grep for å sikre lønsemda i landbruket

Det bør takast grep for å sikre lønsemda til jordbruket i Sogn og Fjordane. Fylkesdirektøren for næring ser med bekymring på rammevilkåra for landbruket i fylket, og kjem med framlegg til prioriterte tiltak i ei fråsegn til landsbruksforhandlingane for 2010. Hovudutval for plan og næring handsamar fråsegna i møte 18. februar.

Sogn og Fjordane er eit fylke der landbruksnæringa står sterkt og medverkar både til å oppretthalde mange arbeidsplassar, og utvikle nye arbeidsplassar knytt til dømes til matproduksjon og foredling, reiseliv og turisme. Fylket marknadsfører seg i nasjonal og internasjonal samanheng som eit fylke med eit unikt natur- og kulturlandskap. Vi er difor avhengig av at vi framleis har ei landbruksnæring som pleier landskapet.

Sterk nedgang i aktive bønder og gardsbruk

Landbruket i Sogn og Fjordane har ein struktur med mange små einingar der det naturlige utgangspunktet gjer at drift og produksjon vert tyngre og meir arbeidskrevjande enn i andre delar av landet. Fylket har ein sterk nedgang i aktive bønder og gardsbruk.

- Vi ser med bekymring på at fylket står i fare for å gro att. Mjølk og kjøtproduksjon som baserar seg på grovfor er grunnlaget i jordbruket i vår del av landet, og verdiskaping og sysselsetting direkte og indirekte er avhengig av gode vilkår for desse produksjonane, seier assisterande fylkesdirektør i Næringsavdelinga Endre Høgalmen.

Betre rammevilkår for kjøt og mjølkeproduksjon
Fylkesdirektøren meiner betre rammevilkår for produksjon av kjøt og mjølk i vår del av landet vil vere avgjerande for å betre økonomien landbruket i fylket.

- Mjølkeproduksjon har ei avgjerande betyding for at vi framleis skal ha eit levedyktig landbruk i fylket og for at vi framleis skal ha eit velpleia kulturlandskap, seier Endre Høgalmen.

Betre vilkår for investering

Eit anna viktig punkt som fylkesdirektøren meiner må prioriterast i jordbruksoppgjeret er å legge betre til rette for at det kan gjerast naudsynte investeringar i landbruket. Landbruket i Sogn og Fjordane har eit stort behov for fornying og investering i driftsbygningar i tida framover, og kapitalbehovet er stort. Inntektsmoglegheitene gjer det vanskeleg å få tilgong på kapital på den private marknaden. Skal vi oppretthalde produksjonen og rekruttere nye bønder, må det leggjast betre til rette for at naudsynte investeringar i driftsapparatet kan gjennomførast.

Ny oppgåve for fylkeskommunen

Fylkeskommunen har ei omfemnande satsing innan næringsutvikling, og har no også fått ansvar for deler av landbrukssatsinga i fylket. Dei nye oppgåvene kjem som ei følgje av forvaltningsreforma, og er i stor grad oppgåver som er overført frå Fylkesmannen si landbruksavdeling.

Det er etablert eit godt samarbeid med landbruksorganisasjonane og Fylkesmannen si landbruksavdeling. Fylkeskommunen har saman med desse utarbeid innspelet til jordbruksoppgjeret som skal handsamast av hovudutval for plan og næring. Det er viktig å påverke den sentrale landbrukspolitikken til beste for vårt landbruk, meiner fylkeskommunen si næringsavdeling.

Fylkesdirektøren sitt framlegg til fråsegn og saksutgreiinga kan du lese her.

Hovudutvalet skal handsame mange store saker
Hovudutval for plan og næring har møte på Rica Sunnfjord Hotel, torsdag 18. februar 2010 kl. 10. Hovudutvalet skal handsame mange store saker på møtet.

05/10 - Fråsegn til jordbruksoppgjeret 2010
06/10 - Føringar for verkemiddelbruk 2010 Innovasjon Norge
07/10 - Omstillingsløyvinga 2010 Omstillingsstatus
08/10 - Midlar og føringar til programstyra - 2010
09/10 - Regionale utviklingsmidlar 2010 - fordeling I
10/10 - Avtale med Norges Forskingsråd, Innovasjon Norge og Sogn og Fjordane fylkeskommune
11/10 - Tettstadforming 2010
12/10 - Skriv og meldingar

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00