Heim/Måløy vidaregåande skule
Opplæringsfartøyet M/S Skulebas

Opplæringsfartøyet M/S Skulebas Foto: Bjarne Husevåg

Må nytt opplæringsfartøy segle sin eigen sjø?

Hovudutvalet for opplæring og kompetanse skal handsame økonomiplana for 2021 – 2024 i møtet den 13.mai.

I si saksframstilling har fylkesrådmannen både redusert og utsett investeringar for å auke avdragsbetalinga og samstundes halde seg under 115% i gjeldsgrad. Dette vil i denne omgang spesielt ramme den vedtekne bygginga av nytt opplæringsfartøy for Måløy Vidaregåande Skule, då det er anbefalt å avlyse anbodskonkurransen. Grunngjevinga for dette er ei kostnadsauke utover ramma på 133 million kroner inklusiv moms,  som nybygget var kostnadsrekna til. Ein svekka kronekurs i høve til Euro og auke i stålprisane dei siste tre åra kan i stor grad forklare bakgrunnen for kostnadsauken på prosjektet.

Det går ikkje fram av saksutgreinga om dei midlane som det gamle fylkestinget i Sogn og Fjordane har bevilga til nytt opplæringsfartøy i sak 55/18, framleis vil være øyremerka for eit slikt nybygg. Ut frå dei kjensgjerningane må ein kunne spørje om avlysinga av anbodskonkurransen i realiteten er ei skrinlegginga av nytt opplæringsfartøy. Det kan framstå som om saka vert teken som ein del av dei varsla nedskjæringane som Vestland fylkeskommune skal gjennomføre innan opplæringssektoren, og at den vedtekne saka med nytt opplæringsfartøy må segle sin eigen sjø.

Ein må og ha i tankane at ein del av ekstrakostnadane i utgangspunktet er knytt til dei politiske vala om at fartøyet skal utrustast med hybriddrift i staden for konvensjonell drift, og dette er ikkje med i den vedtekne rammeløyvinga, men ser ut for å ligge inne i tala for dei auka kostnadane.

Fylket har nettopp satsa sterkt på utviding av kapasiteten innan dei marine og maritime faga ved Måløy Vidaregåande skule ved å auke kapasiteten på både VG2 Fiske og fangst og VG2 Akvakultur for å møte behovet for elevplassar og etterspørselen etter slik arbeidskraft i regionen. Skulen har fått tildelt eigen utdanningskonsesjon for oppdrett, og Opplæringsfartøy AS har tidlegare fått undervisingskvoter innan både pelagiske artar og torsk nettopp for å styrke opplæringa.  

Det nye fartøyet er dimensjonert for å kunne drive med opplæring innan fiske og fangst, samt stette dei krav som oppdrettskonsesjonen set til drift m.a. ved at båten har laboratorie om bord som gjer at prøvetaking og analyse kan gjennomførast. Gjennom samarbeidsavtala med Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU) vil desse funksjonane og dekke mykje av deira behov for feltprosjekt innan oppdrettsnæringa. Samstundes skal Fagskulen gjennom sine utdanningstilbod om navigatør- og maskinpersonell, kunne bruke fartøyet til praktiske øvingar.

Denne filmen vil vise litt av det som det gamle opplæringsfartøyet M/S Skulebas vert brukt til no, og som vil vidareførast med nytt opplæringsfartøy i tillegg til dei før nemde nye bruksområda innan marine vekstnæringar.

Rekrutteringsfilm marin og maritim utdanning

Ut frå sakspapira framgår det at det allereie er budsjettert 102,5 million kroner til nytt opplæringsfartøy i 2020. I sakspapira frå vedtak 55/18 frå fylkestinget i Sogn og Fjordane vart det vidare i saka lagt til grunn at fylkeskommunen, som eigar av båten, får kompensert meirverdiavgifta knytt til investeringa. I tertialrapport 2/18 går det fram at Sogn og Fjordane fylkeskommune i 2018 får utbetalt om lag 31,4 mill. kr frå Havbruksfondet i 2018. I saka vart det vedteke at utbetalinga vert sett av på disposisjonsfond og førebels øyremerka kjøp og drift av nytt opplæringsfartøy.

For andre planlagde prosjekt ved skulen som rehabilitering av A- og D-fløyen, samt bygging av ny Akvahall, vil det i følgje innstillinga ikkje være nokre endringar. Dette betyr at det i budsjettforslaget er avsett 30 million kroner i 2021 og 27 million kroner i 2022 til rehabilitering av A- og D-fløyen, samt 5 million kroner i 2021 og 15 million kroner i 2022 til bygging av ny Akvahall.