Bilete av ei av dagsturhyttene.

Foto: Magnar Egil Øren Gangsø

Luster: Eikjabu

Luster er ei kommune med mykje fjellområder, men har valt å ta i bruk området rundt fjorden og plassere hytta ved Lustrafjorden på Ytre Eikum mellom Solvorn og Marifjøra. Eikjabu har tilknytta utedo. 

Tilkomst og parkering

Lett tilgjenelig med kajakk. Parkering i Solvorn eller Marifjøra. Av kapasitetsmessige årsaker (parkeringsplassar) kan det vera smart å organisere felles transport frå Marifjøra til kajakknaustet som Luster turlag har i Vedvik. Det er tursti frå Mollandsmarki til Ytre Eikum.

Leige av kajakk 

Stien til hytta

Stien ned frå Mollandsmarki, med parkering på Krossen, er stadvis bratt og er under planlegging for sikring.  

Avstandar

Frå Krossen og ned til Ytre Eikum er det om lag 4 km. Frå Vedvik tek det om lag 20 min å padle kajakk, medan det frå Solvorn vil ta om lag 1 time.

Kontaktinformasjon 

Erling Bjørnetun, Luster kommune. 

E-post: erling.bjornetun@luster.kommune.no

Kart

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut