Foto som syner eit Dash 8 Widerøe-fly som står parkert på rullebana.
Foto som syner eit Dash 8 Widerøe-fly som står parkert på rullebana.

Foto: Widerøe

Luftfart

Norge er eit land med store avstandar og utfordrande topografi. Norsk næringsliv er internasjonalt orientert. Dette medfører at næringslivet er heilt avhengig av luftfarten. Luftfarten er også viktig for busetting, reiseliv, helsevesen, utdanning, idrett og kultur.

Luftfarten gir både byar og distrikt ein rask tilgang til nasjonale og internasjonale kontaktar og marknader. Dette er avgjerande for konkurransekrafta til både landet og  regionane, og medverkar til auka verdiskaping og sysselsetting. Avinor legg til rette for at dette er mogleg over heile landet.

Globalisering, utvikling av turisme, auka innvandring, strukturen i helsesektoren, næringsutvikling, kulturlivet og idretten krev eit godt og punktleg rutetilbod med tilstrekkeleg kapasitet og høg regularitet.

På lengre strekningar innanlands er bil hovudalternativet til fly, men med ei kontinuerleg utvikling av jernbanenettet i Sør-Norge kan konkurranseevna til toget styrkast langs desse strekningane.

Ein auke i flytrafikken medfører behov for større kapasitet på dei største lufthamnene.

Avinor skal sikre heile Norge gode lufthamntenester og har  som samfunnsoppdrag å eige, drive og utvikle ein sikker og god luftfartsinfrastruktur med tilstrekkeleg kapasitet for sivil sektor, og ei samla flysikringsteneste for sivil og militær sektor.

Luftfarten bind landet saman, og knyt Norge saman med resten av verda. I 2014 føregjekk 6 prosent av persontransporten innanlands i Norge med fly. Godsvoluma som vert frakta med fly er små samanlikna med andre transportformer. Det er særleg verdifulle varer som må raskt fram, som ofte vert sendt med fly.

Frå 2002 til 2008 var det ein kraftig vekst i flytrafikken til og frå norske lufthamner. Hausten 2008 fekk vi ein markant nedgang i luftfarten grunna finanskrisa, men frå hausten 2009 og fram til i dag har det vore ein sterk vekst. Denne veksten har vore sterkare i utanlandstrafikken enn i innanlandstrafikken, og den har vore sterkare for fritidsreiser enn for forretningsreiser. Det er forventa at luftfarten framleis vil vekse, og at utanrikstrafikken vil vekse mest.

Lufthamner i Norge
 

Organisering og verkemidlar

Samferdsledepartementet er øvste myndigheit for luftfart i Norge. Dette mynde vert utøvd mellom anna gjennom eigarstyring av Avinor og etatsstyring av Luftfartstilsynet. Samferdsledepartementet utøver også mynde gjennom rettsleg regulering, kjøp av flytransporttenester og tilskot til ikkje-statlege lufthamner. I tillegg har Statens havarikommisjon for transport eit viktig ansvar for å betre tryggleiken ved å undersøkje ulukker og alvorlege hendingar innan heile transportområdet.

Lufthamnene er ein viktig del av transportinfrastrukturen i Norge. Avinor AS driv i dag 46 av 51 norske lufthamner, og lufthamnene kan delast inn i stamlufthamner og regionale lufthamner. Det er i dag seks store stamlufthamner og elleve mellomstore stamlufthamner. Bergen lufthamn og Ålesund lufthamn (mellomstor) er nærmaste stamlufthamner for Sogn og Fjordane. Sandefjord lufthamn, Torp er den største innanlandske lufthamna med andre eigarar enn Avinor.

Avinor skal i størst mogleg grad vere sjølvfinansierande. Om lag halvparten av Avinor sine inntekter er avgifter frå flypassasjerar og flyselskap. Den andre halvparten kjem frå kommersielle aktivitetar ved lufthamnene som t.d. parkering, utleige av areal og taxfreesal.  Det er berre dei største luft-hamnene som går med overskot. Overskotet frå desse lufthamnene dekker underskotet på drifta av dei mindre lufthamnene.

Luftfartstilsynet har hovudansvaret for tilsynet med norsk sivil luftfart og skal syte for at luftfarten i Norge er trygg og effektiv. I tillegg skal Luftfartstilsynet sikre luftfarten mot terror og sabotasje (security), og helse, miljø og tryggleik for flygande personell. Luftfartstilsynet  skal også utvikle og oppdatere lovverk og påverke utviklinga av internasjonale reglar innan luftfart.
 

 

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Ansvarleg eining

Samferdsleavdelinga

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00