Lokale plan- og kartdagar 2012

Dei lokale plan- og kartdagane er ein viktig treffstad for alle som arbeider med stadfesta geografisk informasjon og arealplanlegging. Sogn og Fjordane fylkeskommune er i år medarrangør. Arrangementet var på Alexandra Hotel i Loen 18. og 19. april.

Samlinga hadde som mål å auke forståinga for plan-, kart- og oppmålingsfaga, og skape kontakt mellom brukarane av desse tenestene, blant private aktørar og offentlege etatar. I tillegg til programmet og eit kontaktskapande miljø, var det ei stor utstilling med firma, som presenterer ulike programvarer og utstyr innan fagområda.

Fylkeskommunen hadde ansvaret for den delen av samlinga som omhandlar kommunal planlegging. I år la samlinga vekt på å gjere kommuneplanen til eit godt styringsverkty med god kopling mot og forståing for handlingsdel og økonomidel. Dag 2 på samlinga var særleg retta mot administrativ og politisk leiing.

Innlegg frå konferansen

Praktisk informasjon om konferansen

For meir informasjon kontakt:

Torbjørn Hasund
E-post: torbjorn.hasund@sfj.no
Tlf/mob: 57 65 62 73 / 930 04 685

Del dette:

Relaterte lenker