Lokale plan-, kart- og folkehelsedagar 9.–10. april

Folkehelsedagane er i år samordna med den årlege plankonferansen 9.–10. april 2013. Konferansen vert på Hotel Alexandra i Loen og er arrangert av Sogn og Fjordane fylkeskommune i samarbeid med Geoforum.

Dei lokale plan-, kart og folkehelsedagane går over to dagar og tek opp sentrale tema knytt til kommunal og regional planlegging. Folkehelse i eit samfunnsperspektiv, helse i alle politikkområde og bruk av geografisk informasjon er noko av det som står på programmet.

Målgruppene er tilsette i kommunar, regionale instansar og frivillige organisasjonar – og andre med interesse for feltet. Konferansen er ein viktig møteplass for dei som jobbar med førebyggande og helsefremmande arbeid, men også for overordna politisk og administrativt nivå.

På konferansen vil vi be om innspel til ny regional plan for folkehelse.

Fullstendig program for konferansen

Del dette:

Relaterte lenker

Plansjef

Plansjef Synnøve Stalheim portrett

Synnøve Stalheim

Synnove.Stalheim@sfj.no
57 63 81 13
478 97 260

Tilsette